mandag 15. oktober 2007

ped. undervisning 15.10-07

Læringsteoriar
Pedagogisk grunnsyn... Ja kva skal ein velgje? Det som kanskje hadde vore det mest ideelle er å ta litt frå alle. Og det er nok det eg kjem til å gjere. Det er ingen av dei pedagogiske grunnsyna eg kan seie at eg vil følgje slavisk. Men eg vil plukke litt her og der. Kanskje eg kan lage min eigen teori ?? hehe....
Nå har me fått ei oppgåva der me skal ta utgangspunkt i ein eller fleire læringsteoriar, og lage ei framføring om den/dei. Dette var ei veldig vid oppgåve der me fekk stort sett frie tøyler. Det var nokre få kriterier som skulle vere med.
Når det gjeld tankar rundt gruppearbeidet, så må eg seie at eg tek det heile med knusande ro. Samarbeidet på gruppa vår er eksepsjonelt bra, og det fører igjen til at me har kontroll. Me har delt fagkunnskapen likt mellom oss, og me har fått ei forståing i kva den består av. Det var mykje interessant lesning, og det skal verte spanande og sjå kva teori me velgjer å ta utgangspunkt i. Planen er å lage eit rollespel som er forma som eit debattprogram. I dette programmet har me invitert Lev Vygotsky og ein lokal "helt". Dei skal diskutere ut frå ulike teoriar, kva som fungerer og ikkje fungerer. Lev Vygotsky preikar då kun ut frå sosiokulturell læringsteori, medan den lokale "helten" preikar berre tull.
Føler me er komt godt i gang med dette arbeidet. Målet er at me skal klare og lage ein interessant og morosam framføring. Vonar me klarar dette.
GLED DYKK! ;)
Eg må jo sei at eg ikkje er blitt noko meir sikker på val av læringsteori, men eg har i alle fall fått namn på dei ulike teoriane. Det er mykje bra i kvar enkelt, så ein god miks vert nok min leveregel som lærar.

mandag 8. oktober 2007

Ped. undervisning 01.10-07

Å leie basisgruppa på læringsarenaen.

For å verte lærar er det viktig å ha sosial kompetanse.” Voksnes holdningar og sosiale verdier formidles gjennom måten vaksne forholder seg til barn og unge på, enten det skjer bevisst eller ubevisst”. Dette skjer heile tida. Samfunnet i dag endrar seg heile tida. Det som er sant i dag er kanskje usant i morgon. Før i tida var det få måtar og søkje kunnskap på, i dag er det mange. Og dei som utdannar seg i dagens samfunn, vert gjerne vidareutdanna, omskolert eller har eit bytte av jobb. Det var utenkjeleg for menneskjer som utdanna seg før. Dei utdanna seg for å vær i same jobben livet ut.

Oppvekstvillkåra i dag er også ulike enn dei var før. Det er nesten 50 prosent av ekteskapa som endar i separasjonar og skilsmisse. Det er og færre som giftar seg enn det var før. Dette gjer at det er mange unge som lever i meir utrygge omgjevnadar enn før.
Men det er mange faktorar som kan spele inn på korleis unge lærer. Og det er underforstått at dersom ein ikkje trives, vil ein ikkje lære på same måten. Eg trur at dersom ein elev har det fint og ryddig rundt seg, samstundes som han har eit ryddig forhold til klassen.


Når ein er lærar har ein enormt mykje makt. Det er mange elevar som tenker at det lærarane seier er heilt sant. Derfor må ein som lærar være varsam med kva ein gjer og seier. Det er ikkje alle elevar som klarar og vere kritiske til det dei høyrer. Eg meiner og at det er viktig å ha autoritet utan og vere autoritær. Det er viktig å ha kontroll over klassen, men ikkje vær slik at elevane ikkje tør å ta kontakt. Det er ein gylden middelveg. Det er og viktig å tenke på at ein skal ha klare grenser. Ein skal ikkje vere kamerat med elevane sine, men ein skal vær ein vaksen ansvarsperson. Det er ein viktig forskjell.

For å kunne være ein god lærar meiner eg det er viktig at ein har klare linjer. Ein seier til elevane kva ein forventar til ein kvar tid. Det er og viktig å ha god kontakt med foreldre. Det tipset Birgit gav med tanke på å klargjer forventningane til dei meiner eg er viktig. Det er til stor hjelp dersom foreldra ikkje sit og diskuterer lærarar, rase etc. ved middagsbordet. Slike meiningar kan dei diskutere på tomannshand.

Syntes også at det er ein viktig eigenskap å kunne le med barnet og ikkje av det!
_______________________________________________
Svar på kommentar frå Håvard:
Eg meiner som sagt at samarbeid mellom skule og heim er viktig. Dette gjeld gjennom heile grunnskulen, og kanskje spesielt på ungdomsskulen. Dette er ei tid der elevane skal "finne seg sjølv" og finne ut korleis dei vil vere. Dette i samband med skule, vener, foreldre mm. Det er og i denne alderen at mange byrjar med rusmidler, og kjæresteforholda får ei ny meining. Samarbeid mellom skule og heim i denne tida her er grunnleggjande. Det er ikkje med tanke på at skulen skal vete om eleven drikk alkohol eller ikkje, men at skulen kan få ei forståing i eleven sin oppførsel. Grunnen til at eg meiner dette, er med tanke på min bakrunn i MOT. Eg vonar at eg som lærar kan være eit positivt kontaktledd mellom skule og heim, og at elevane mine kan ta kontakt med meg dersom det skulle vere noko. Ungdomsskulen kan for mange vere veldig vanskeleg, og desverre er det ikkje alle det går like bra med.

Ped. undervisning 10.09-07

Observasjon

Kva er observasjon? Me observerer kvar dag. Me observerer utan og vere klar over det. Me observerer dei me pratar med, dei me ser på gata, læraren eller vener. Nokon observerer meir enn andre. Dei som skal imitere andre i væremåte eller snakkemåte observerer i lang tid for å skape seg eit grunnlag. Ved hjelp av observasjon kan ein skildra det ein ser i dagleglivet, ikkje kva ein trur ein ser eller det ein kunne tenkje seg å sjå. Det som kan vere vanskeleg med observasjon er at dine eigne haldningar lett kan lyse gjennom. Dersom du kjem opp i ein situasjon der du skal observera ein person du missliker, er det fort gjort at observasjonen får ein negativ undertone. Det er ikkje sikkert du gjer det bevisst, men likevel skjer det.

For at vi skal hugse kva vi har observert, er det viktig å notere. Å føre loggbok kan vere ein måte å gjer det på. Då kan ein få med dato og klokkeslett, alt etter kor nøyaktig ein skal vere. Dette er berre eit døme. Omgrepet loggbok kjem frå skipsfarten. Både elevar og lærarar kan skriva logg. Men kva skal vi bruke observasjon til i dagleglivet? Når ein pratar med andre, ser ein på ansiktsutrykk og kroppsspråket til den ein pratar med. Det er enkelt og sjå om ein person syntes det ein seier er keisamt eller interessant. Då observerer ein andre.

Me fekk ei oppgåva der me skulle gå ut i vrimlearealet og observere ein person eller ei gruppe i 30 minutt. Det var ein utfordring, for når ein får oppgåva på den måten blir det litt meir unaturleg. Eg valde og observera dei som jobba i kantina. Det var stort sett det sama det gjekk i for dei. Stå i kassen, lage mat og fylle på. Dersom ein skal gi ei tolking på det arbeidet vert det litt vanskeleg. Linjene mellom og tolke og å synse er hårfine.

Foventningane mine til observasjonspraksis er litt blanda. Eg gler meg til å møte elevane og sjå korleis dei fungerer i lag. Samstundes trur eg at det vert annleis å observere på ein uteskule (Gullingen). Dersom me skulle vore i eit klasserom, hadde eg fått eit større innblikk i korleis elevane oppfører seg faglig sett. På ein slik uteskule som me skal på vert det meir vekt på korleis elevane oppfører seg ute i naturen. Kva veit dei frå før? Og kva kan dei lære meg? Dette er noko eg gler meg til å finne ut av. Det er og eit anna krav til disiplin, så eg gler meg til å sjå korleis lærarane på Gullingen taklar dette.

Dersom me hadde hatt observasjon i klasserommet, hadde eg nok lagt meir vekt på korleis elevane oppfører seg der. Kven følgjer med, og kven syslar med andre ting. Det er etter mi meining enkelt å sjå på elevane kva dei tykkjer er vanskeleg, og kva dei tykkjer er lett. Kanskje eg kan bruke denne observajonen til å hjele dei som treng litt ekstra hjelp? Når ein står som lærar i klasserommet, er det ikkje alt ein får med seg. Det kan av og til være ein fordel å vere fleire, slik at ein kan observere elevane frå ulike vinklar. Samtale om desse observasjonane er viktig.

Alt i alt er observering eit veldig bra verktøy og bruke, så lenge ein brukar det rett!

______________________________________________
Svar til kommentar frå Bertin:
Eg meiner at dette kan vere eit viktig hjelpemiddel, men det er ingen forutsetning. Det kan være nokre situasjonar der det ikkje passar seg å notere kva som skjer, og kva ein observerer. Men i mange høve kan dette vere til stor hjelp for å kunne hugse kva som skjedde, og eventuelt årsakar til kvifor det skjedde.

torsdag 4. oktober 2007

Ped. undervisning 03.09-07

Læraren sitt mandat og mange oppgåver.
"Å være lærer handler først og fremst om å gi barn lyst til å lære og mot til å leve.” Sitat frå Inge Eidsvåg, norsk forfattar og lektor ved Nansenskulen på Lillehammer

Dette syntes eg var eit veldig bra sitat. Han seier og at det å vere lærar ikkje er ein jobb, men nærmast eit kall. Dette bekrefter det eg har trudd ei stund. Det er ikkje kven som helst som kan verte lærar. Det er eit yrke som krevjer viljestyrke og pågangsmot. Og ikkje minst sosial intelligens spør du meg. Som lærar kan du risikere at du skal fungere som mykje forskjelligt.
Kva skal eigentleg arbeidet til ein lærar innehalde? Bare undervisning? Skal ein fungere som ”terapeut” for sine elevar? Når skal ein ta kontakt med foreldre? Og kva med kollegaer og rektor?

Det er mange spørsmål som ein må ta omsyn til. Å vær lærar er ein balansekunst mellom mange omsyn. ”Å være lærer er ingen jobb! Ein lærar må gløde!” (sitat Inge Eidsvåg). Dette utsagnet trur eg det er mykje i. Det er som sagt ikkje kven som helst som passar til å være lærar. Ein sit med eit enormt ansvar, for ein er ein viktig del av oppdraginga til andre sine barn. Og kva viss ein gjer eller seier noko feil? Det er ikkje enkelt. Det er viktig å tenkje på at ein er rollemodellar for andre, anten ein vil eller ikkje. Ein skal jo ”danne” andre menneskjer og sørgje for at dei har kunnskap til å klare seg vidare i livet. Dette er ei enorm oppgåve!

Det er litt godt og tenkje på at ein som lærar er styrt av lovgivinga i Noreg. Nærare bestemt opplæringslova. Ein har også mykje hjelp av kunnskapsløftet. Der det står kva elevane skal kunne etter kvar som dei beveger seg oppover i klassane.

Ein lærar skal også kunne tilretteleggje undervisninga for alle elevane. Det er ulike nivå i ein klasse, og for at alle skal få den oppfølginga dei treng, må ein sjå på deira behov. I dagens skulesamfunn er det jo slik at alle skal integrerast, uansett korleis dei ligg ann i den faglege utviklinga. Er dette bra? Vil ikkje dette då føre til at elevar som ligg "over" gjennomsnittet ikkje får den oppfølginga dei treng? Dette inneber og ein del ekstraarbeid for læraren.

Så tilbake til spørsmåla: Kva skal arbeidet til ein lærar innehalde? Ein lærar skal kunne tilpasse undervisning, vise omsorg, drive undervisning, samarbeide med andre, administrere oppgåver og være ein del av oppdraginga.

Eg trudde eg visste kva arbeidet til ein lærar var, men det viste seg at eg berre visste om ein brøkdel av det arbeidet som skulle til. Eg fekk ein liten aha oppleving, som gjorde meg litt skremt. Men på den andre sida så forstår eg kvifor alle desse oppgåvene er viktige. Å være lærar er utan tvil ein viktig jobb, som eg glede meg til å ta fatt på.
_________________________________
Svar på kommentar til Birgit:
Eg meiner at den største utfordringa vert planlegginga. Omsorgen trur eg ikkje at eg kjem til å syte med. Eg kan ha problemer med og halde meg strukturert over lengre tid, men det kjem seg vel etter kvart som eg får erfaring.
_________________________________
Svar på kommentar til Reidun:
Eg er einig med deg Reidun i at eg skriv "ein" alt for mykje. Har du nokre tips om kva eg kan skriva i staden for?

tirsdag 28. august 2007

Min gode lærar

Me har fått i oppgåve og skrive om ein lærar me har hatt. I denne samanhengen har eg valgt å skrive om ein lærar ved namn Bjørn Gunnar. Han var læraren min i sosialkunnskap på vidaregåande. Det som var så genialt med han var at han gjorde faget veldig interresant. Han brukte dagsaktuelle tema som han fant på nettet og i aviser, og klarte å knytte dette opp mot undervisningen. Dette førte til ein del voldsome diskusjonar til tider. Men det var berre morosamt. Han tok til dømes med dei ulike valgkorta når det var stortingsvalg, slik at me fekk ein grundig gjennomgang før valget. Dette var veldig greitt, fordi det var ikkje alt me visste om dei ulike partia.

Dette er berre eit eksempel på kva han gjorde. Han var også veldig interessert i faget, noko som syntes tydeleg på kroppsspråket hans. Det var nokre av dei kjekkaste timane eg nokon gong har hatt. Eg håpar inderleg at eg som ferdig lærar klare å nå fram til mine elevar på same måten. For i mine auger er Bjørn Gunnar ein veldig flink lærar.
Eg meiner at ein god lærar er det same som ein god pedagog. Og det er enklare og vere ein god pedagog når ein har interreserte elevar. Kanskje dette var grunnen til at Bjørn Gunnar var ein så god pedagog. Han var ein stor inspirator, og ein veldig flink formidlar. Det hjalp kanskje litt i hans favør at det var eit kjekt fag, spesielt med tanke på dei diskusjonane me fekk til. Dersom du som pedagog klarar å fange merksemda til elevane dine, meiner eg at du er ganske godt på vei. Dettte inneber og at elevane stolar på deg som person, og du som lærar har ei oppgåve. Formidle bodskapen for timen.
Eg vonar alle ei slik oppleving som eg har hatt på vidaregåande, og kanskje ser me eit hint til dette i pedagogikken??
Innlegget er skrevet med tillatelse av Bjørn Gunnar Huseby

mandag 27. august 2007

Ped. undervisning 27.08-07

Samarbeid og kommunikasjon

Då har me hatt Birgit igjen, og etter som eg har forstått så skal det bloggast kvar gong me ser ho.

I dag har me altså hatt pedagogikk, og hovudtema har vore samarbeid og kommunikasjon. Ut i frå det har me gått igjennom forskjellen på verbal og non-verbal kommunikasjon. 30 % er verbal og 70% er non-verbal. Er ganske utruleg at det er egentlig ikkje så viktig kva ein seier, så lenge ein har kroppsspråket på plass. Det var jo å setja det litt på spissen. Det er viktig at det er samsvar mellom det ein seier og det ein gjer. Dersom ein står og underviser om noko som ein seier til elevane er viktig, men samtidig gir uttrykk for at ein gir blaffen, vil det virke veldig motstridande på elevane. Derfor er det viktig å beherske kroppsspråket sitt.

Andre del at dagen byrja med ein vanvittig morosam video. Det var eit hint til kva me skulle gjer resten av timen. MIMING! Var utroleg morosamt, spesielt var det veldig originalt når ei gruppa skulle mime ei budeie med melkeallergi;) Syntes den var virkelig original! Så såg me ein film om kroppsspråk, og det var nyttig å veta ting om t.d. ein persons intimsone. Kva skjer med kroppen når me får mennesker me ikkje er heilt trygge på for nærme oss? Dette fekk me eit godt svar på.

Når ein kjem ut i læraryrket vil ein etterkvart sjå kor viktig det er med godt samarbeid. Lærarar arbeider ofte i team, der eit team har ansvar for ein klasse. Det er veldig viktig at dei som arbeider på team i lag klarer å få til eit skikkeleg samarbeid. Dette er jo på ein måte byggjeklossane for god undervisning. Dersom ein ikkje kjem overens med dei ein arbeider tett saman med, vert ofte kvardagen tung og det kan føles uhåndterlig. Dette kan og smitte over til elevane. Slik eg ser det føre meg er samarbeid og god kommunikasjon ein nøkkelfaktor når det gjeld arbeid i skulen.

Me har og satt opp kjørereglar for praksisgruppa vår. Desse er lagt ut på classfronter. Vonar me etter beste evne klarar å følgje desse.

Syntes timane i dag var kjekke. Er interessant å få ei stadkrefting på ting ein trur ein veit, men ikkje er heilt sikker på.

____________________________________________________
Svar på kommentar frå Birgit:
Eg følte at eg lærte mykje med tanke på korleis eg skal oppføre meg ovanfor elevane når eg skal ut i praksis. Det er viktig å opptre truverdig, og å vere sikker på seg sjølv. Ut frå eigne erfaringar, er det ingenting som er verre enn å har ein lærar som er vanvittig usikker. Men det er samstundes viktig å huske på at ein skal være audmjuk. Det kan vere ting som elevane kan lære til læraren, og då må ein som lærar kunne ta i mot den informasjonen. Ein skal ikkje heve seg over elevane, men ha ein open dialog med dei. Kanskje dei kjem med viktige synspunkt og meiningar som du ikkje var klar over sjølve....
Med tanke på lenker i forelesninga må eg sei at innlegget av Karen Zimsen var veldig bra. Der stod det godt forklart kva ein kan bruke kroppsspråket til, og korleis ein kan trene på og bruke det rett. Det er viktig at det er samsvar mellom det ein seier og det ein viser. Les meir på: http://www.nettdoktor.no/sex_samliv/fakta/kroppsspraak.php

fredag 24. august 2007

Kvifor eg vil verta lærar, og kvifor HSH.

Eg har alltid syntes det er kjekt å arbeide med mennesker, og det er vel ein av hovudgrunnane til at eg vil verta lærar. Syntes det er veldig kjekt og arbeide med ungdom, fordi ein får så mykje igjen for det som person. Ein gir jo sjølvsagt mykje av seg sjølv, men dersom ein klarar å "fange" klassen, får ein utruleg mykje igjen for det.
Har og ein far som er lærar, så han har vore ein liten pådrivar. :)

Håpar eg klarar å innfri forventningane til elevane, og formidle stoffet til dei på ein måte som gjer at dei får interresse for faget. Dersom ein klarar det, har ein eit godt grunnlag ifølge min meining! Gler meg og til å gå 4 år på Stord. Har ikkje vore her så lenge ennå, men inntrykket er veldig bra. Dette blir lærerikt, samtidig som det kan bli morosamt.

Grunnen til at eg valgte HSH er pga at det er næraste skulen, og eg har høyrt mykje bra om skulen. Har ein tendens til å få voldsom heimlengsel til tider, og då er det greit at det ikkje er så veldig langt heim. Syntes og inntrykket av skulen og lærarane til nå er kjempebra. Klassen er topp, så dette kan bli ei kjekk tid.

tirsdag 21. august 2007

Tankar om pedagogikkfaget

Då skulle me testa ut korleis det vert med tilbakemelding frå pedagogikkundervisninga. Undrar på om eg gjer det rett?

Me har nå møtt begge lærarane i pedagogikk, Birgit og Aashild. Dei har to ulike måtar og undervisa på, noko som kan vere veldig positivt. Me har hatt ein førelesning med Aashild, der det vart tatt opp pedagogikk som eit nytt fagområde.
Me gjekk gjennom ein del viktige omgrep. Det er veldig greitt å ha på plass kva ein pedagog faktisk er, og kva pedagogikk faget går ut på.

Eg ser at det er mykje å setje seg inn i. Faget kan nok til tider vere tungt, spesielt med tanke på alle læringsteoriane. Dei kan nok verte vanskelege å ikkje blanda. Det er og tydeleg at dette ikkje er eit fag som ein kan ”flyte” gjennom. Her må det arbeidast!

Me skal som pedagogar legga til rette for elevane, slik at dei kan læra enklast mogleg. Men sjølve læringa må elevane sjølv stå for.
Eg må jo og få seie det at pedagogikk var eit fag er grua meg til. Det inntrykket eg hadde før eg byrja, var att dette var eit veldig teoretisk fag. Ut frå den innføringen me har hatt, sitt eg vel fortsatt med dette inntrykket. Kanskje kan blogginga vere med på å gjere det litt enklare og forstå? Eg vonar det. Det er nok veldig mykje å setje seg inn i, så eg får prøve å vere strukturert og arbeide mykje ndervegs. Sjølv om eg må innrømme at det ikkje er min sterkaste side. Eg er heller av den typen som tar nokre skikkelege skippertak i ny og ne...

Då var Ane på plass!

Se det, då har me ordna bloggen. Er godt med det som er gjort :) Mitt navn er altså Ane. Eg er 21 år, og bur her på Stord. Har fått meg ein veldig kjekke hybel på Haga. Dei siste åra har eg gjort litt forskjellig. Har blandt anna jobba på Ølen barne og ungdomsskule. Det var denne plassen som gjorde utslaget for at eg skulle bli lærar. Håpar på at studiet innfrir mine forventningar. Blir spanande og sjå! I tillegg til skule, har eg jobba på gamleheim, bar, pizzabakar m.m.

Har ein samboar heime ved navn Kristian. Han er trailersjåfør, så det passar godt at eg går på skule på Stord, i og med at han er borte heile vekene. Ellers har me ein plante heima som heite Frode:) (er ikkje alle så tåler dyr, så av og til vert ein litt desperat)

I år har eg vore så heldig at eg har kome på gruppa med Hans Bertin, Camilla og Tone Helen. Trur me kjem til å få eit godt samarbeid! Gleder meg til dette.
Dette var veldig kort om meg. Vil du veta meir, så er det berre te å spør. Ha ein fortreffeleg dag. Vennleg helsing Ane.