fredag 24. august 2007

Kvifor eg vil verta lærar, og kvifor HSH.

Eg har alltid syntes det er kjekt å arbeide med mennesker, og det er vel ein av hovudgrunnane til at eg vil verta lærar. Syntes det er veldig kjekt og arbeide med ungdom, fordi ein får så mykje igjen for det som person. Ein gir jo sjølvsagt mykje av seg sjølv, men dersom ein klarar å "fange" klassen, får ein utruleg mykje igjen for det.
Har og ein far som er lærar, så han har vore ein liten pådrivar. :)

Håpar eg klarar å innfri forventningane til elevane, og formidle stoffet til dei på ein måte som gjer at dei får interresse for faget. Dersom ein klarar det, har ein eit godt grunnlag ifølge min meining! Gler meg og til å gå 4 år på Stord. Har ikkje vore her så lenge ennå, men inntrykket er veldig bra. Dette blir lærerikt, samtidig som det kan bli morosamt.

Grunnen til at eg valgte HSH er pga at det er næraste skulen, og eg har høyrt mykje bra om skulen. Har ein tendens til å få voldsom heimlengsel til tider, og då er det greit at det ikkje er så veldig langt heim. Syntes og inntrykket av skulen og lærarane til nå er kjempebra. Klassen er topp, så dette kan bli ei kjekk tid.

3 kommentarer:

Geir Martin sa...

Hei Ane, du kommer til å bli ein god lærar! Du bryr deg om elevane, er engasjert og ønskjer å formidle både forståelig kunnskap og positive holdninger! Det er kjempebra. Lykke til som lærar!

Gunnar sa...

Hei Ane.

Trur mange av desse eigenskapane du lister opp her er viktige for å bli ein god lærer. Det er utrulig viktig å trives i jobben sin for å gjera ein god jobb. Trur og du har det som skal til for å bli ein god lærar og pedagog.

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Ane...
Her er det mange gode grunnar til å velja ei framtid som lærar. Vil du og seia noko om kvifor lærarutdanninga på Stord vart ditt val?

Birgit :-)