Me har fått i oppgåve og skrive om ein lærar me har hatt. I denne samanhengen har eg valgt å skrive om ein lærar ved namn Bjørn Gunnar. Han var læraren min i sosialkunnskap på vidaregåande. Det som var så genialt med han var at han gjorde faget veldig interresant. Han brukte dagsaktuelle tema som han fant på nettet og i aviser, og klarte å knytte dette opp mot undervisningen. Dette førte til ein del voldsome diskusjonar til tider. Men det var berre morosamt. Han tok til dømes med dei ulike valgkorta når det var stortingsvalg, slik at me fekk ein grundig gjennomgang før valget. Dette var veldig greitt, fordi det var ikkje alt me visste om dei ulike partia.
Dette er berre eit eksempel på kva han gjorde. Han var også veldig interessert i faget, noko som syntes tydeleg på kroppsspråket hans. Det var nokre av dei kjekkaste timane eg nokon gong har hatt. Eg håpar inderleg at eg som ferdig lærar klare å nå fram til mine elevar på same måten. For i mine auger er Bjørn Gunnar ein veldig flink lærar.
Dette er berre eit eksempel på kva han gjorde. Han var også veldig interessert i faget, noko som syntes tydeleg på kroppsspråket hans. Det var nokre av dei kjekkaste timane eg nokon gong har hatt. Eg håpar inderleg at eg som ferdig lærar klare å nå fram til mine elevar på same måten. For i mine auger er Bjørn Gunnar ein veldig flink lærar.
Eg meiner at ein god lærar er det same som ein god pedagog. Og det er enklare og vere ein god pedagog når ein har interreserte elevar. Kanskje dette var grunnen til at Bjørn Gunnar var ein så god pedagog. Han var ein stor inspirator, og ein veldig flink formidlar. Det hjalp kanskje litt i hans favør at det var eit kjekt fag, spesielt med tanke på dei diskusjonane me fekk til. Dersom du som pedagog klarar å fange merksemda til elevane dine, meiner eg at du er ganske godt på vei. Dettte inneber og at elevane stolar på deg som person, og du som lærar har ei oppgåve. Formidle bodskapen for timen.
Eg vonar alle ei slik oppleving som eg har hatt på vidaregåande, og kanskje ser me eit hint til dette i pedagogikken??
Innlegget er skrevet med tillatelse av Bjørn Gunnar Huseby
3 kommentarer:
Hei, Ane...
Det var kjekt å lesa om Bjørn Gunnar, og kor du minnast hans måte å få dykk elevane aktive og engasjerte på. No var oppgåva ikkje nødvendigvis å skriva om ein god lærar, men oppgåva var å skriva om "Ein lærar eg hugsar godt". Som du vil sjå av medstudentane sine innlegg, er det ikkje berre positive assosiasjonar som dukkar opp, men det var kjekt at dine var det :-)
Når vi snakkar om dette med å motivera og engasjera elevane i faget og få dei med, tyr eg til Voltaire, som seier: "Du skal ikke slukke en brann, men tenne en ild!” Eg ser for meg Bjørn Gunnar som ein skikkeleg "fakkeltennar", eller hur?
Birgit :-)
Hei Ane!
Bjørn Gunnar ja - ein super lærar! Har mange kjekke minner etter han eg óg.. Kjekk og personleg blogg du ha i alle fall! :)
Hei, Ane...
No er det ei god stund sidan du var inne og jobba med bloggen din, så eg seier berre heng i, og så ventar eg på at det snart skal skje noko nytt!
Birgit :-)
Legg inn en kommentar