mandag 27. august 2007

Ped. undervisning 27.08-07

Samarbeid og kommunikasjon

Då har me hatt Birgit igjen, og etter som eg har forstått så skal det bloggast kvar gong me ser ho.

I dag har me altså hatt pedagogikk, og hovudtema har vore samarbeid og kommunikasjon. Ut i frå det har me gått igjennom forskjellen på verbal og non-verbal kommunikasjon. 30 % er verbal og 70% er non-verbal. Er ganske utruleg at det er egentlig ikkje så viktig kva ein seier, så lenge ein har kroppsspråket på plass. Det var jo å setja det litt på spissen. Det er viktig at det er samsvar mellom det ein seier og det ein gjer. Dersom ein står og underviser om noko som ein seier til elevane er viktig, men samtidig gir uttrykk for at ein gir blaffen, vil det virke veldig motstridande på elevane. Derfor er det viktig å beherske kroppsspråket sitt.

Andre del at dagen byrja med ein vanvittig morosam video. Det var eit hint til kva me skulle gjer resten av timen. MIMING! Var utroleg morosamt, spesielt var det veldig originalt når ei gruppa skulle mime ei budeie med melkeallergi;) Syntes den var virkelig original! Så såg me ein film om kroppsspråk, og det var nyttig å veta ting om t.d. ein persons intimsone. Kva skjer med kroppen når me får mennesker me ikkje er heilt trygge på for nærme oss? Dette fekk me eit godt svar på.

Når ein kjem ut i læraryrket vil ein etterkvart sjå kor viktig det er med godt samarbeid. Lærarar arbeider ofte i team, der eit team har ansvar for ein klasse. Det er veldig viktig at dei som arbeider på team i lag klarer å få til eit skikkeleg samarbeid. Dette er jo på ein måte byggjeklossane for god undervisning. Dersom ein ikkje kjem overens med dei ein arbeider tett saman med, vert ofte kvardagen tung og det kan føles uhåndterlig. Dette kan og smitte over til elevane. Slik eg ser det føre meg er samarbeid og god kommunikasjon ein nøkkelfaktor når det gjeld arbeid i skulen.

Me har og satt opp kjørereglar for praksisgruppa vår. Desse er lagt ut på classfronter. Vonar me etter beste evne klarar å følgje desse.

Syntes timane i dag var kjekke. Er interessant å få ei stadkrefting på ting ein trur ein veit, men ikkje er heilt sikker på.

____________________________________________________
Svar på kommentar frå Birgit:
Eg følte at eg lærte mykje med tanke på korleis eg skal oppføre meg ovanfor elevane når eg skal ut i praksis. Det er viktig å opptre truverdig, og å vere sikker på seg sjølv. Ut frå eigne erfaringar, er det ingenting som er verre enn å har ein lærar som er vanvittig usikker. Men det er samstundes viktig å huske på at ein skal være audmjuk. Det kan vere ting som elevane kan lære til læraren, og då må ein som lærar kunne ta i mot den informasjonen. Ein skal ikkje heve seg over elevane, men ha ein open dialog med dei. Kanskje dei kjem med viktige synspunkt og meiningar som du ikkje var klar over sjølve....
Med tanke på lenker i forelesninga må eg sei at innlegget av Karen Zimsen var veldig bra. Der stod det godt forklart kva ein kan bruke kroppsspråket til, og korleis ein kan trene på og bruke det rett. Det er viktig at det er samsvar mellom det ein seier og det ein viser. Les meir på: http://www.nettdoktor.no/sex_samliv/fakta/kroppsspraak.php

2 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Dette tykkjer eg var ei rett fram og grei oppsummering av det vi har gjort i lag i dag. Var det noko du ikkje visste frå før som du har lært, eller noko du tykkjer er ekstra lurt når du skal ut og treffa elevane i praksis i høve dette med kommunikasjon? Fekk du noko utav forslaga til fordjuping på eiga hand? Noko ekstra du merka deg i høve til desse artiklane?

Birgit :-)

Håvard Haga sa...

hahahaha!
Miminga av budeia var av ein annan planet Ane;) uff...lo så eg grein..

Eg må læra meg korleis damene neier, og Kenneth må læra seg at bryst miming naudsynt ikkje treng og vera budeier ;)

Nei..uff..Da der var legendarisk og kjeme til å bli teke opp fleire gonger. Ein god latter forlenger livet Anemor :)

peace out and good night.