tirsdag 21. august 2007

Tankar om pedagogikkfaget

Då skulle me testa ut korleis det vert med tilbakemelding frå pedagogikkundervisninga. Undrar på om eg gjer det rett?

Me har nå møtt begge lærarane i pedagogikk, Birgit og Aashild. Dei har to ulike måtar og undervisa på, noko som kan vere veldig positivt. Me har hatt ein førelesning med Aashild, der det vart tatt opp pedagogikk som eit nytt fagområde.
Me gjekk gjennom ein del viktige omgrep. Det er veldig greitt å ha på plass kva ein pedagog faktisk er, og kva pedagogikk faget går ut på.

Eg ser at det er mykje å setje seg inn i. Faget kan nok til tider vere tungt, spesielt med tanke på alle læringsteoriane. Dei kan nok verte vanskelege å ikkje blanda. Det er og tydeleg at dette ikkje er eit fag som ein kan ”flyte” gjennom. Her må det arbeidast!

Me skal som pedagogar legga til rette for elevane, slik at dei kan læra enklast mogleg. Men sjølve læringa må elevane sjølv stå for.
Eg må jo og få seie det at pedagogikk var eit fag er grua meg til. Det inntrykket eg hadde før eg byrja, var att dette var eit veldig teoretisk fag. Ut frå den innføringen me har hatt, sitt eg vel fortsatt med dette inntrykket. Kanskje kan blogginga vere med på å gjere det litt enklare og forstå? Eg vonar det. Det er nok veldig mykje å setje seg inn i, så eg får prøve å vere strukturert og arbeide mykje ndervegs. Sjølv om eg må innrømme at det ikkje er min sterkaste side. Eg er heller av den typen som tar nokre skikkelege skippertak i ny og ne...

4 kommentarer:

Geir Martin sa...

Hei
Bra blogg du skreiv
:-)

Ida H. sa...

veldig bra formulert og oppsumert om pedagogikkfaget ;)

Franny Maria sa...

Heisann:)Takk for kosleg helsing, du virker som ei kjekk og sprudlande jenta:)
Flinke du har vore å skreve;)

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Flott at du har fanga opp nøkkelordet "aktivitet". Det er viktig!

Birgit :-)