Godt nytt år alle saman! Nytt år og nye moglegheiter, dette må jo berre verte bra!
Og me byrjar sjølvsagt det nye året med mange oppgåver. Slår ikkje feil det. Her nyttar det ikkje og liggja på latsida nei! :)
Born og nye medier er eit tema med skal arbeide tverrfagleg med ei stund. For å vere nøyaktig så skal me arbeide med det i 3 veker. Tema for pedagogikken denne økta var nettvett. Kva kan ein gjera og ikkje gjera på nettet. Eg må jo sei at eg visste mykje av det frå før, men då eg testa ut chatten på sol.no i ca 15 minutt vart eg overraska. Eg logga meg på med namnet "linn", og nesten før eg var innpå, byrja det og hagle inn med meldingar. Det var berre mannfolk, og nokre av dei var skikkelig grisete. Det var jo ein som lurte på om eg var interessert i ein trekant! Er jo heilt gale! Korleis kan dei veta kven som sitt i den andre enden? Tenk om det var ei jente på 10-12 år som var innpå! Det stod på sidene at det var 16 års aldersgrense for å chatte, men kven er det som sjekker slikt??
Det er veldig mykje enklare nå som ein har internett og mobiltelefonar og slik teknologi, men kan det ikkje vere ganske farligt og?? Eg undrar....