Planlegging av praksis
Då var planlegginga i full gang. Neste veke er det praksis for fullt, og det vert kjempekjekt. I dag var det gjennomgang av dei ulike planlegingsskjemaene til Langeland Skule. Eg var ikkje klar over at det var så mykje som skulle gjerast før kvar time! Det skulle jo fyllast opp og ned i mente! Detta kunne bli eit stort problem....
Var ganske sjokkerande at ein måtte skriva på kva "klima" ein ville oppnå i klassen i ein time. Korleis kan ein veta det? Men den rubrikken med kva elevane skulle gjera, og kva læraren skulle gjera var greie. Er greit å ha ein plan på det.

Eg ser jo etterkvart at denne diamanten til Langeland skule er veldig relevant. Her får ein med samanhengen mellom:
- innhald
- metode
- vurdering
- rammer
- elev- og lærar føresetnadar
- mål
Dette er ganske bra i samsvar med den didaktiske relasjonsmodellen som legg vekt på
- faginnhald
- evaluering
- didaktike føresetnadar (elevføresetnadar, lærerføresetnadar, fysiske, biologiske, sosiale og kulturelle føresetnadar)
- læringsaktivitetar
- mål
Desse modellane kan ein bruke for å planlegge, analysere og forbetre sin eigen undervisning. Dette fører til at desse modellane er ein kjemperessurs. Det kan i byrjinga føles ut som om at det er mykje og komme over, men ein kjem nok fort inn i korleis ein skal bruke desse hjelpemidla. Dette gjer det og enklare å planleggje undervisining når ein er fleire i lag, eller når ein skal tenkja langsiktig.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar