torsdag 27. mars 2008

Ped. undervisning 11.02-08

Ynskjeøkt
Utfordringar i lærarrolla og det spesialpedagogiske feltet
Spesialundervisning, kunnskapsnivå, nasjonale prøvar og skuletestar. Dette er det mykje snakk om i dag. Er det virkeleg slik at ein kan måle ein elevs kunnskap etter kor mange ord denne eleven les i minuttet. Dersom ein elev då les under gjennomsnittet fort, er denne eleven då "treg". Kanskje akkurat den same eleven er eit utruleg idrettstalent, eller eit mattegeni.
Det er så mykje som skal følgast i dagens skule, og så mykje samanlikning. Det er ikkje lenge sidan det var oppslag i avisa om vidaregåande skular og deira karaktergjennomsnitt. Det er nokon som scorer høgt, og andre scorer lågt. Men betyr det at den eine skulen er betre enn den andre. Kan ein måle slikt?
I dagens skule skal alle elevar integrerast i ein klasse. Er dette ein ordning som fungerer for alle? Kva med alle elevar som er "skuleflinke"? Det er lett å gløyme dei i all bråken frå dei som er urolege. Og kva med dei som ikkje klarar og konsentrere seg i lag med andre. Det er ikkje den ideelle læringsarenaen for alle å vere i eit klasserom.
Det er og meir og meir utbreidd med dysleksi og dyskalkuli i skulen. Ikkje berre for lesing og for skriving, men det er og elevar som har det innanfor matematikk. Dette er veldig alvorlig for den eleven det gjeld, og det er viktig at han får den oppfølginga som trengs. Desverre er det slik at det i mange tilfeller vert oppdaga alt for seint. Dette er då til stor sjenanse for den eleven det gjeld.
ADHD er jo og ein veldig utbreidd tilstand. Det er nesten slik at ein kan kalle det den nye folkesjukdommen. Dei som har ADHD har konsentrasjonsvanskar og er ofte hyperaktive. Det er og nokon som har ADD, som er konsentrasjonssvikt utan lærevanskar. Dei treng og mykje oppfølging og hjelp. Men problemet er: Kvar er ressursane?
Dette er nokre problemstillingar ein nesten garantert kjem borti i skulen. Då er det viktig å vere gode pedagogar og gode rollemodellar for elevane. Dei treng nokon som kan ta tak i problema, og gi dei den hjelpa dei treng. Dette er ei utfordring for mange, og det burde vore meir opplæring i kva ein skal gjere i slike tilfeller.
_______________________________________________
Svar på kommentar frå Maria:
Eg må sei det at programmet "De umulige barna" var ein veldig ressurs for meg. Etter at eg såg dette programmet fekk eg mykje meir forståing for barn med ADHD, og korleis det er å takle dette. Er medisinering alltid det beste?

ped. undervisning 04.01-08

Sjølvbilete og attribusjonsteori
At jenter og gutar hadde så ulik sjølvoppfatning er det som sitt igjen hos meg etter denne økta. Dersom ei jente får eit godt resultat skulde dei det på flaks, eller at det var lette oppgåver, medan gutane skuldar det på sine eigne evner. Men dersom det er motsatt og ei jente får eit dårleg resultat skuldar ho det på dårlege evner, medan ein gut skulder på uflaks. Denne syntes eg var litt finurleg. Er det faktisk slik at jenter generelt har så dårlig sjølvbilete at dei skuldar på flaks dersom dei gjer det bra? Og kva så med gutane? Eg må personleg få sei at eg syntes dette er urovekkjande. Det vil altså sei at gutar har høgare sjølvoppfatning enn jenter. Hmmm.... Skal det vere slik? Eg undrar....
Det er veldig varierande kva sjølvbilete kva enkelt person har av seg sjølv. Nokon har eit godt sjølvbilete, og det er gjerne personer som tør å vise seg fram, samt dumme seg ut. Personar med dårlig sjølvbilete er gjerne personer som gjemmer seg bak andre, og stiller seg gjerne nøytrale i diskusjoner. Personen kan kanskje prøve å fremheve seg litt på andres bekostning for å skjule sitt eige dårlege sjølvbilete. Dei vill ikkje få unødig merksemd på seg sjøl. Dette er ikkje noko eg har lest i ei bok, men som eg skriv basert på eigne erfaringer.
Eg er ganske fasinert over kor ulikt syn kvar enkelt har på seg sjølv. Kva kjem dette av? Det er då eg undrar på om den plakaten Birgit hengte opp i klasserommet om korleis eit barn er, har nokon betydning. "Eit barn som lærer seg å....." Kanskje det er her det spelar inn. Eller kanskje det er i enda tidlegare alder. Det er ikkje greit å vite.

Ped. undervisning 28.01-08

Motivasjon

Denne økta gjekk ut på motivasjon og gruppearbeid. Eg kom litt seint til denne timen, og fekk ikkje med meg byrjinga, men me vart i alle fall delt inn i grupper. Innad i desse gruppene skulle me lese ein del tekst, og så samarbeide om å lage ein rekkje spørsmål. Me skulle få døme på:
  • korleis grupper kan organiserast innanfor samarbeidslæring (roller)
  • læra ein arbeidsmåte innanfor samarbeidslæring (kontrovers),
  • korleis me kunne få til refleksjon rundt eit særs viktig tema (meistring)
  • korleis ein kan utføre samhandlingar for å finna gode løysingar

I og med at eg ikkje fekk med meg byrjinga av timen, mista eg litt tråden i arbeidet. Det var ingen god start på dagen for å seie det slik :s

Men me fekk etterkvart god gang på oppgåva, og fekk gjort det me skulle.

Motivasjon er veldig relevant uansett kva yrke ein har. Dersom ein manglar motivasjon, vert kvardagen tung og vanskeleg. Eg merkar veldig godt på meg sjølv at eg får meir motivasjon når det er ytre faktorar som spelar inn. Slik som nå til dømes, så føler eg meg meir motivert fordi eg veit at eg snart er ferdig med 25% av studiene. Dette betyr igjen at eg er på full fart mot rollen som lærar. I tillegg er det snart somarferie, noko som er motivasjon nok i seg sjølv.

Det som kan vere vanskeleg når det gjeld motivasjon, eg å klare å holde den oppe dersom ein møter motgang. Dette gjeld faglig sett, og dersom ein som lærar møter motgang frå elevane. Ein skal klare og motivere ganske mange elevar på ein gong, og det kan ikkje alltid vere like lett. Men dersom kvart enkelt individ går inn i seg sjølv og leitar godt, trur eg dei fleste ville verta overraska over kva dei fann!

punktpraksis 22.01-08

Windows Movie Media Maker
Denne dagen gjekk IKKJE etter planen. Den filmsnutten som elevane skulle laste ned frå internett var for stor til at alle elevane kunne laste den ned på same tida, nokon som førte til at dei ikkje fekk den. Bertin hadde tatt ein backup på cd, men ein måtte ha administratortillatelse for å få lov til å bruke cd på maskinane. Dette var ein problemstilling me ikkje hadde tatt høgde for, og me fekk eit problem. Heldigvis var det lagra ein del bilete frå turen til Gullingen på desse datamaskinane, så elevane fekk i staden ei oppgåve der dei skulle lage kvar sin biletserie med tekst og musikk. Dette gjekk heldigvis bra, og resultata vart veldig flotte :)
Etter denne økta fant eg ut at det var veldig lurt å ha ein backup plan når ein skal bruke IKT vertøy i skulen. Av og til er det heller ikkje nok med ein plan, men ein må ha fleire. Følte dette var ein veldig nyttig erfaring, som eg veit at eg vil ta med meg vidare. Hadde ellers ein flott praksisdag på Langeland.

ped. undervisning 14.01-08

Planlegging av punktpraksis

Denne dagen skulle me planleggje ein dag i punktpraksis, men fokus på IKT bruk i skulen. Sidan me er i 7 klasse, tenkte me å køyre eit opplegg i Windows Movie Media Maker. Elevane er såpass gamle at dei klarer fint å redigere ein filmsnutt. Me har planlagt å bruke ein video me har laga sjøl der me har intervjua fem på gata, og elevane skal få redigere denne saman nett korleis dei sjølv vil. Dei kan og leggje til ulik musikk, for å få betre effekter. Bertin skal leggje videoen ut på Langeland sin fronter, slik at elevane kan hente den ned derfra. Det er viktig at alle elevane har kvar sin pc, og dette har me fått avtalt med praksislærarane. Det vert spanande so sjå korleis dagen vert :)

Ped. undervisning 10.01-08

Born og nye medier forts.

Denne økta arbeida me ein del med bruk av ulike IKT verktøy. Me var innom på digitale forteljingar og hørte på ein utruleg historie om ein gut som hadde fått feil diagnose. Dette var ein interessant måte og fortelje ein historie på. Eg var ikkje klar over at ein kunne bruke så mange digitale verktøy som det ein kan. Eg var faktisk ikkje klar over at dei fantes. I byrjinga såg det veldig vanskeleg ut, men ettterkvert vart det enklare og enklare. Men slik er det vel med alt. Det var kjekt å prøve seg på å lage sin eigen teikneserie, samt sin eigen teiknefilm :) Dette trur eg nok kjem godt med til seinare bruk i skulen...
Me skal og lage vår eigen samansatt tekst. Dette skal omhandle ei barnebok me har lest, og me skal lage ein liten "reklamefilm" for denne boka. Dette vert spanande, alltid kjekt når ein før prøve ut sine eigne ferdigheiter. Det gjer det og enklare og lære vekk til andre dersom den anledningen skulle by seg ein gong i tida. Kanskje dette kan vere ei oppgåve eg kan gi til mine eigne elevar.... :)