Då har me hatt ein koseleg fellesfrukost i det gamle skulehuset på Rommetveit - Børtveit. Dette var ei veldig koseleg økt, der me fekk moglegheit til å preike litt saman om andre ting enn berre skule. Det var noko spesielt og sitje i ei gamal skulestove på den måten. Når ein tenkjer tilbake på kva ein lærar gjorde før i skulekvardagen, så får eg eit litt anna syn på ting. Dei sov på loftet til skulerommet, måtte fyre i peisen på kalde skuledagar o.l. Tenk kor sjarmerande det måtte vere og sittje i ei slik skulestove, verte undervist medan einhørte peisen som spraka i bakgrunnen.... I staden for å sitje på rad og rekkje i eit upersonleg klasserom med kvar sin datamaskin. Berre for å setja kontrastane. Eg er glad me har det samfunnet me har i dag. På både godt og vondt.
Men der satt me altså og koste oss med gode frukost. Rundstykker, egg, ost, melk og kaffe florerte på borda. Og for å toppe alt, var det oppskåren nyvaska frukt. Gjett om eg hadde det godt! Heilt til me byrja og diskutere eksamen. Då kjende eg at eg datt litt saman. Men så forstod eg jo at det kanskje ikkje var så skummelt allikevel. Det er nettopp det som er med eksamen. Ein gruar seg i lengre tider, mange får ikkje sove på nettene, og så gjer ein eksamen ferdig, og så er ein ferdig! Det er få som kjem inn i eit eksamenslokale og ikkje gjer så godt dei kan. Og dersom du har yta ditt beste, skreve ned det du kan, så er det teknisk umogleg og gjere det betre er og då. Går det bra, så vert ein glad. Og går dt dårleg så får ein berre belage seg på og gjere det opp att. Det som er greit med eksamen i pedagogikk, er at ein har hatt moglegheit til å få hjelp gjennom heile året. Dette tykkjer i allefall eg har vore flott :)
Etter at me hadde ååte denne fantastiske frukosten, så skull me sjå alle dei samansatte tekstane. Og dette var morosamt! Eg var ikkje klar over at eg gjekk i klasse med så mange fantasifulle skapningar;) Det var sang, skodespel, teikningar og mykje meir. Eg må ærleg få innrømme at eg vart veldig imponert over kva mine kjære medstudentar hadde fått til. Ikkje berre fekk me utfolda oss sjølv, men me fekk og ein utmerka ide til å bruke i skulesamanheng. Tenk så morosamt det hadde vore!
Må jo sei at det var ein litt vemodige dag og.... Siste pedagogikkøkta dette semesteret. Det var på ein måte litt godt, men samstundes litt trist. Eg gler meg til å byrje opp att etter sumaren.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar