Då var desse tre vekene i praksis og over. Må seie at eg syntes det er vemodig å sei hadet til klassen og til teamet. Føler at eg har fått veldig god kontakt med på elevar og lærarar.
I denne praksisperioden har me snakka mykje om stemmebruk i klasserommet, så eg har valt å skrive litt om dette. Eg la fort merke til at eg brukte ganske høg stemme når eg skulle snakke til klassen. Dette var på grunn av at det var litt støy, og eg snakka høgt for at elevane skulle høyre meg. Etter kvart fant eg ut at dette var ein anstrengande måte å undervise på. Det er ganske tungt å snakke, når ein merkar at det er nokre elevar som ikkje følgjer med på det du seier. Så fekk eg eit godt tips om at dersom eg senkar stemmen min, så var elevane meir avhengige av å vere stille for å høyre kva eg sa. Dette fungerte veldig bra. Dersom eg hadde elevar som laga uro, så vende eg meg direkte til dei i staden for å snakke høgare. Då kunne eg til dømes spørje eleven om det var noko han ville dele med klassen, sidan denne eleven preika slik? Og dette enda då vidare med at eleven kom til ro.
Det var ikkje i alle tilfeller at ein fekk elevane til å vere rolege, og då brukte eg eit streksystem som var innført i klassen. Namna til alle elevane stod oppført på tavle, og dersom ein elev var uroleg etter at han hadde fått åtvaring, fekk eleven ein strek framføre namnet sitt. Dersom ein elev fekk 3 strekar, måtte denne eleven sitje igjen etter skuletid. Dette var eit system som var brukt mykje i denne klassen for å halde ro. Eg merka og med meg sjølv at dersom eg ville ha all merksemda i klassen, så var det av og til eg heva stemmen, og var litt streng. Då fekk eg merksemd rundt det som skulle skje, men etter kvart mista denne teknikken litt sin verknad. Eg trur at dette tyder på at eg gjerne brukte det litt for ofte.
Ein anna ting, som var veldig greitt, var at når ein skulle gå igjennom noko på tavla, så plukka eg elevar til å svare, uansett om dei hadde handa oppe eller ikkje. Dette førte til at elevane følte dei måtte følgje med i undervisninga på ein anna måte. Eg var då veldig obs på og ikkje stille spørsmål som var utanfor den proksimale utviklingssona til eleven. Dette var bevisst, ettersom ein elev kan føle seg veldig utrygg dersom ein får spørsmål som ein føler at ein ikkje kan svara på. Men eg var likevel påpasseleg med å pressa elevane litt i det dei kunne. Den yttarste grensa i den proksimale utviklingssona er kva eleven skal kunne klare med rettleiing, og eg stod då klar og hjelpte eleven på vei, slik at han ikkje skulle føle at han sette seg fast og at dette vart til sjenanse for eleven.
Eg merka med meg sjølv at eg er blitt mykje flinkare til å bruke stemmen min rett i høve til forholda. Der eg før snakka veldig høgt, er eg blitt mykje flinkare til å avgrense volumbruken min. Dette fører igjen til at eg ikkje vert så lei i stemmen som eg ofte vart før. Men eg er også blitt meir obs på korleis eg brukar stemmen. Dersom eg skal fortelje om noko eg syntes er viktig legg eg stemmen ennå meir ned, og dersom det er noko som er veldig engasjerande brukar eg meir stemme. Dette er bevisst for å få elevane til å forstå at no skjer det noko særskild.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar