Då har me hatt yrkesetisk seminar, og eg føler at eg har lært ein del om skilnaden på pliktetikk og konsekvensetikk. Dette er jo mykje innanfor KRL, men eg føler at det er viktig å ta med allikevel.
Me hadde og ein del om opplysningsplikt og teieplikt. Eg må ærlig innrømme at desse grensene fortsatt er litt diffuse for meg, men ein må vel avgjere kva ein skal gjere i kvar enkelt situasjon. Det er ingen konstante reglar der. Men ein må heile tida ha kontroll på lovverket. Både opplæringslova, og i nokre tilfeller straffelova.
Men det er ein ting eg reagerte på under dette seminaret. Og det er skikkethet. Det burde vore mykje strengare reglar på lærarutdanninga når det gjeld skikkethet. Det skal i dag ganske mykje til for at ein person ikkje kan bli lærar, men som eg har sagt tidlegare, så er ikkje dette eit yrke som passar for alle. Dette burde det vore mykje meir vekt på etter mi meining. Men på den andre sida, dette er det jo ikkje eg som styrer.
Me fekk og 4 casar som me skulle arbeide med i grupper. Følte at dette gjekk veldig bra, og samarbeidet fungerte godt. Me delte casane mellom oss på onsdagen, og så samarbeida me om dei på torsdagen. Fredag var det framføring. Syntes kanskje at nokre av casane var litt diffuse, det kunne med fordel vore litt meir informasjon i dei. Men me klarte oss allikevel godt.
Veldig bra og informativt kurs. Dette er ein arbeidsmetode me gjerne kunne hatt meir av.... :)

__________________________________________________
Svar på kommentar frå Birgit:
Me arbeida ein del med dei yrkesetiske buda. Tenkte kanskje at eg kunne leggje dei ut her slik at alle fekk sjå dei. Dette var ei oppgåve som ein måtte tenkje litt over, for ikkje berre skulle ein finne ti yrkesetiske bud, men ein skulle og grunngje desse buda.
10 Yrkesetiske bud for lærere
- Læraren skal overhalde sin teieplikt og opplysningsplikt
- Læraren skal ha faglig og didaktisk kompetanse
- Ein lærer skal vera sosial og vise omsorg for elevane, herunder sjå kvar elev som enkeltindivid
- Ein lærar skal kunne tilpassa seg elevanes læringsnivå, for å betre kunne tilrettelegga for tilpassa opplæring
- Ein lærer skal vise respekt for sine elevar og kollegar
- Ein lærar skal vera inkluderande
- Læraren skal ha eit godt samarbeid med foreldre/føresette
- Læraren skal kunne variera skuledagen
- Ein lærar skal vera etisk bevisst
- Læraren skal vera ein god rollemodell for elevane
Buda er her nummererte etter kva me på gruppa meinte var viktig.
3 kommentarer:
Hei, Ane...
Det vart ei litt knapp skildring frå 3-dagars seminaret. Kva med dei yrkesetiske boda? Korleis var det å arbeida med dei, og kva kom de fram til?
Birgit :-)
Legg inn en kommentar