mandag 28. april 2008

Tilpassa opplæring

Eg måtte le litt av meg sjølv her ein dag. Eg satt og arbeida med matematikk/pedagogikk oppgåva då eg oppdaga at eg hadde formulert meg litt feil. Eg hadde skreve at det var utfordrande for ein lærar dersom han hadde mange elevar med tilpassa opplæring. Rett bak denne påstanden stod det ein kommentar med store bokstavar. ALLE SKAL HA TILPASSA OPPLÆRING. Og då tenkte eg meg litt om... Det som eg hadde meint å skrive var spesiell oppfølging. Eg satt og humra når eg leste gjennom dette, for eg kan nesten sjå for meg fortvilelsen til Birgit med at eg ikkje hadde fått det med meg. Men dykk kan alle saman ta det heilt med ro, no har eg retta det og forstått poenget.

Tilpassa opplæring er grunnleggjande i den norske skulen. Det er viktig å tenkje på at ein skuleklasse består av mange ulike individ. Og som dykkan sikkert veit, så er kvar individ eineståande. Det finnes ingen like. Og det er slik ein må tenkje når det gjeld tilpassa opplæring. Alle elevane skal få oppgåver som er tilpassa deira individuelle nivå, ikkje oppgåver som er for lette, eller oppgåver som er for vanskelege.

I opplæringslova kap 1 står det:
§ 1-2 (5.avsnitt) Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten.
Eg tykkjer dette er ei veldig kortfatta og grei forklaring på kva det gjeld.

Kva er noko av det viktigaste for ein elev i skulen? Etter mitt syn så er det at denne eleven opplever meistringsfølelse. At eleven føler at han kan noko. "Dette får eg til!" Nokon som kjenner igjen den følelsen? Det er dette som er viktig å skape. Ein arena der eleven føler at han kan klare noko. Og korleis skapar vi det? Gjennom TILPASSA OPPLÆRING!

I byrjinga kan det virke som om tilpassa opplæring er mykje arbeid. Men kva er det ein skal tenkje på når ein arbeider i skulen? Elevane. Sjølv om det kan hende tar tid å kartleggje kvar den enkelte elev er, så sparar det mykje tid og resurssar for den enkelte elev. Og det er vel dei me er der for, er det ikkje?

Ingen kommentarer: