mandag 28. april 2008

observasjonspraksis veke 38

Då hadde me altså vore på Gullingen leirskule i praksis. Dette vart ein annleis praksis enn dei andre hadde hatt, i og med at mesteparten av undervisninga gjekk føre seg ute.
Føler at me har lært veldig mykje om korleis elevane oppfører seg i saman med elevar frå andre skular, om korleis klassen fungerer og om kva som kan vere problematisk.

Eg la veldig tidleg merke til at nokre elevar var meir interesserte enn andre. Det var vanskeleg for nokon å konsentrere seg når ein var ute i fri natur. Det er kanskje enklare å ha kontroll over ein klasse i eit klasserom enn rundt eit bål i ein liten lavvu. Dette kan ha grunnlag i at me var samla to skular, og gruppene var på tvers av desse skulane. Men syntes lærarane på leirskulen hadde utruleg god kontroll over dette. Undervisninga var veldig godt tilpassa klassetrinnet, og det var interessant for både elevar og lærarar. Det var og ein unik måte å få oppleva naturen på.

Eg meiner personleg at dette er ein bra måte og drive undervisning på. Elevane opplever naturen samstundes som dei lærer masse. Spesielt for elevar som har vanskeleg for å lære i klasserommet er dette eit flott alternativ. Tavleundervisning er ikkje det beste alternativet for kvar enkelt elev, og då meiner eg at denne undervisningsmetoden er sers god.

Det var og ein del problem som oppstod under turen. Det var ikkje alle elevane som ville følgje opplegget, men det var utruleg å sjå korleis lærarane takle desse situasjonane. Håper eg kan lære litt frå dei.

Det er ulike typar konfliktar ein kan komme opp i på ein slik tur. I og med at ein bur så tett på kvarandre, kan det komme opp saker og ting som gjerne ikkje er eit problem til dagleg. Dette kan vera alt frå kjærester til utestenging. Det var enkelt å sjå kven som ”klikka” seg saman mot andre. Det er kanskje ikkje så enkelt å sjå slik for utanforståande, men eg såg fort at det føregjekk ein indre ”kamp” i klassen. Det er nokre elevar som meiner dei er ”betre” enn andre.

Korleis elevane får desse tankane er usikkert, men ein årsaka kan vere at ein måler i kor populær ein er hos det same og motsette kjønn. Nokon er kanskje også utestengd pga sine foreldres meiningar og liknande. Men det som er viktig å få fram, er at alle har sin ”gjeng”. Det er ingen som går åleine. Dei har alltid nokon å vær med.

Syntes og det var interessant og sjå korleis elevane tok på seg ansvar. Dei hadde ulike oppdrag når det gjaldt vasking og matlaging, og alle tok det oppdraget dei hadde fått. Nokon med større glede enn andre. Men det er ikkje meir enn ein må rekne med. Det var nokon som gleda seg frå dei kom opp til dei oppgåvene dei skulle gjer. Det som kanskje var kjekt ved dette var at elevane fekk ansvar utan at dei vaksne skulle blanda seg inn. Til frukost fekk dei til dømes ansvar for å vekkje heile klassen, slik at alle kom seg opp. Deretter fekk heile klassen ansvar for å lage si eiga niste, som var grunnlaget for resten av dagen ute. Det var og nokon som hadde ansvar for å skrive ned vær - observasjonar kvar dag. Dette og var ei stor oppgåve for nokon. Dei fekk ansvar for å komme seg til undervisninga sjølv, utan at dei vaksne skulle ”mase”. Det virka som om nokre av elevane følte seg mykje meir vaksne. Det var veldig bra.

Siste dagen hadde dei og ein såkalla ”pedagogisk vask” av romma sine. Dvs at elevane skulle pakke, rydde og koste romma sine. Det var og nokon som fekk ansvar for rydding og reingjering av stove, kjøkken, tørkerom m.m. Det var kjekt å sjå kor spente elevane var for om dei fekk det godkjent eller ikkje. Det gjekk heldigvis bra for dei fleste.

Syntes observasjonspraksisen på Langeland Skule (Gullingen Leirskule) var veldig interessant. Følte eg lærte mykje. Vonar det vært like bra neste gong.

Ingen kommentarer: