onsdag 30. april 2008

Refleksjonsnotat

Då var det til å skriva på det sista innlegget for i år. Og kva kan eg sei.... Min angst for pedagogikk var jo latterlig. Dette var ikkje eit veldig tungt fag. Det var eit veldig interessant fag. Eg føler at eg har lært mykje om meg sjølv, om andre og om samspelet mellom oss. Kva skal ein sjå etter når ein arbeider i skulen? Kva faresignaler skal ein leggjer merke til, kven treng kva hjelp, og mi eiga rolle i alt dette? Det er ikkje enkelt å vere elev i dag. Det er mykje ein skal forhalde seg til, og dersom ein ikkje er så veldig strukturert, kan dette vere ei voldsom utfordring. Det er viktig å hugse på at alle elevar er ulike, og at ein tek hensyn til det. Samarbeid på lærarteam er og veldig viktig. Dess betre samarbeidet er, dess betre vert undervisninga. Trivsel er ein viktig faktor, både som elev og som lærar.

Skulekvardagen i dag er veldig annleis enn den var for 20 år sidan. Respekten for lærarar har glidd litt ut. Og respekten elevane i mellom, er nokon stader ikkjeeksisterande. Dette er noko som det kan arbeidast mykje med, men då må det ikkje berre skje på skulen. Ein må tenkje over korleis ein snakkar til kvarandre i det daglege. Og korleis ein snakkar om andre. Dette må byrje i kvar enkelt av oss, og det må byrje i heimen. Kanskje kan me ein gong i tida få gjennsidig respekt mellom alle. Kankje er dette ynskjetenkning, men det kan like gjerne vere reelt. Ta det litt til ettertanke og tenk over det.

Eg har fått mange spørsmål frå folk eg kjenne den siste tida om kvifor eg vil verte lærar. Det er jo eit yrke som er sklidd sånn ut, meiner dei. Dette har eg tenkt mykje på, og eg har funnet ut svaret. Grunnen til at eg vil verte lærar, er fordi eg passar inn i yrket. Det er som Inge Eidsvåg har sagt eit kall. Eg har visst sidan eg var liten at eg ville arbeide med menneskjer. Men eg visste ikkje i kva livsfase i livet eg ville arbeide med dei. Dette var vel og grunnen til at eg byrja i mi tid på sjukepleien. Eg fann etterkvart ut at eg ikkje ville arbeide med sjuke menneskjer, eller menneskjer i sluttfasen av livet. Eg ville arbeide i den andre enden. Eg ville vere med på byrjinga. Eg ville vere med å forme menneskjene rundt meg.

Eg er kjend for å vere ein humørspredar i venneflokken. Eg sprer godt humør gjennom MOT arbeidet mitt. Og eg vil spre godt humør på skulen. Eg har ikkje noko stor drøm her i livet, men eg har eit motto: Kvar einaste dag skal eg få i alle fall ein person til å smila. Klare eg det, så kan eg leggje meg om kvelden med godt samvit. Og det er overaskande lite som skal til. Det er viktig å hugse på at for nokre få personar så kan eit lite smil bety alfa og omega. Det var kanskje akkurat det som skulle til for å redde dagen deira.

Tilbake til det som eg blei spurd om. Kvifor vil du verte lærar? Mitt svar må bli: Eg passar veldig godt til å bli det. Eg elsker å gi av meg sjølv, samstundes som eg lyttar til andre. Og så syntes eg det er vanvittig kjekt å arbeide med skuleelevar. Vere ein del av utviklinga deira. Både på godt og på vondt...

Vil takke heile A1 for eit veldig kjekt skuleår, og eg må sei at eg gler meg til neste år. Men samstundes så skal det verte godt med litt ferie. Vonar alle får ein fin sumar, og så startar me opp at med ny frisk til hausten.

Oppsummering av året (Skulefrukost på Børtveit)

Då har me hatt ein koseleg fellesfrukost i det gamle skulehuset på Rommetveit - Børtveit. Dette var ei veldig koseleg økt, der me fekk moglegheit til å preike litt saman om andre ting enn berre skule. Det var noko spesielt og sitje i ei gamal skulestove på den måten. Når ein tenkjer tilbake på kva ein lærar gjorde før i skulekvardagen, så får eg eit litt anna syn på ting. Dei sov på loftet til skulerommet, måtte fyre i peisen på kalde skuledagar o.l. Tenk kor sjarmerande det måtte vere og sittje i ei slik skulestove, verte undervist medan einhørte peisen som spraka i bakgrunnen.... I staden for å sitje på rad og rekkje i eit upersonleg klasserom med kvar sin datamaskin. Berre for å setja kontrastane. Eg er glad me har det samfunnet me har i dag. På både godt og vondt.
Men der satt me altså og koste oss med gode frukost. Rundstykker, egg, ost, melk og kaffe florerte på borda. Og for å toppe alt, var det oppskåren nyvaska frukt. Gjett om eg hadde det godt! Heilt til me byrja og diskutere eksamen. Då kjende eg at eg datt litt saman. Men så forstod eg jo at det kanskje ikkje var så skummelt allikevel. Det er nettopp det som er med eksamen. Ein gruar seg i lengre tider, mange får ikkje sove på nettene, og så gjer ein eksamen ferdig, og så er ein ferdig! Det er få som kjem inn i eit eksamenslokale og ikkje gjer så godt dei kan. Og dersom du har yta ditt beste, skreve ned det du kan, så er det teknisk umogleg og gjere det betre er og då. Går det bra, så vert ein glad. Og går dt dårleg så får ein berre belage seg på og gjere det opp att. Det som er greit med eksamen i pedagogikk, er at ein har hatt moglegheit til å få hjelp gjennom heile året. Dette tykkjer i allefall eg har vore flott :)
Etter at me hadde ååte denne fantastiske frukosten, så skull me sjå alle dei samansatte tekstane. Og dette var morosamt! Eg var ikkje klar over at eg gjekk i klasse med så mange fantasifulle skapningar;) Det var sang, skodespel, teikningar og mykje meir. Eg må ærleg få innrømme at eg vart veldig imponert over kva mine kjære medstudentar hadde fått til. Ikkje berre fekk me utfolda oss sjølv, men me fekk og ein utmerka ide til å bruke i skulesamanheng. Tenk så morosamt det hadde vore!
Må jo sei at det var ein litt vemodige dag og.... Siste pedagogikkøkta dette semesteret. Det var på ein måte litt godt, men samstundes litt trist. Eg gler meg til å byrje opp att etter sumaren.

Rettleiing og vurdering

Kva er rettleiing?

Eg meiner at rettleiing er å hjelpe den enkelte elev med det som eleven treng hjelp til. Dette er uansett om det er i skulesamanheng, eller i privat samanheng. Det er mange yrkesgrupper som arbeider med rettleiing, men den største gruppa er vel skulen. Det som er viktig når ein skal rettleie andre, er at det er eit tillitsforhold mellom partane, og at den som rettleiar har kunnskapar på området. Dersom ein ser dette i skulesamanheng, så gjeld det å ha kunnskaper i faget. Ein god dialog er også grunnleggjande.

Oppgåvene til ein rettleiar er å:

  • Å vera utforskande saman med den som vert veileda
  • Å stilla dei gode spørsmåla
  • Å gje råd
  • Å korrigera

Desse fire punkta glir gjerne litt inn i kvarandre. Dei er avhengige av kvarandre for at ein skal få eit skikkeleg innblikk, og å kunne gjere ein god jobb som rettleiar. Eg meiner personleg at ein god pedagog og er ein god rettleiar. At desse to momenta vandrar hand i hand.

Kva er vurdering?

Rettleiing og vurdering er gjerne to sider av same sak. Det finnes mange ulike måtar og vurdere på. Men ein sett det gjerne inn i to kategoriar. Formativ vurdering og summativ vurdering. Kva vurderingsform som er best, kan vere vanskeleg å seie, for me ar som sagt alle ulike individ. Det som passar best for nokon, passar gjerne ikkje så veldig bra for andre. Eg personleg tykkjer det er best med formativ vurdering. Eg er ikkje den typen som klarar å sitje og pugge ei bok og to rett før eksamen. Det sitt gjerne ei lita stund, men det forsvinn like fort igjen. Då er det mykje betre at ein kan arbeide med stoffet kontinuerlig, for å få ei forståing, og samstundes ha rom for utvikling.

Det er heller ikkje slik at alle kan vurderast på same måten. Her kjem dette med tilpassa opplæring inn. Det er ikkje alltid ein kan bedømme alle elevane likt ut frå eit skrifleg arbeid dei har gjort, eller ut frå kva dei seier og ikkje seier i timen. Me er jo alle ulike. Det er nokre elevar som ikkje klarer å vere stille ein heil skuletime, medan andre seier noko 3 gonger i året. Dette skal verken den eine eller den andre eleven straffast for.

Det er og mange ulike testar som vert gjennomført i dagens skule. Dette med dei nasjonale prøvane, lesetestar osv er mykje omdiskutert. Er dette den rette vurderingsformen? For nokon er det heilt sikkert det. For andre er dette eit stort problem. Det er mange som gruar seg til slike testar, og då tenkjer eg spesielt på elevar med spesielle behov. Dette kan vere ein vankeleg og uforutsett situasjon, som kan føles velding ubehagelig. Er det slik at alt må vurderast, eller er det noko som berre kan gå sin gang....?

mandag 28. april 2008

Tilpassa opplæring

Eg måtte le litt av meg sjølv her ein dag. Eg satt og arbeida med matematikk/pedagogikk oppgåva då eg oppdaga at eg hadde formulert meg litt feil. Eg hadde skreve at det var utfordrande for ein lærar dersom han hadde mange elevar med tilpassa opplæring. Rett bak denne påstanden stod det ein kommentar med store bokstavar. ALLE SKAL HA TILPASSA OPPLÆRING. Og då tenkte eg meg litt om... Det som eg hadde meint å skrive var spesiell oppfølging. Eg satt og humra når eg leste gjennom dette, for eg kan nesten sjå for meg fortvilelsen til Birgit med at eg ikkje hadde fått det med meg. Men dykk kan alle saman ta det heilt med ro, no har eg retta det og forstått poenget.

Tilpassa opplæring er grunnleggjande i den norske skulen. Det er viktig å tenkje på at ein skuleklasse består av mange ulike individ. Og som dykkan sikkert veit, så er kvar individ eineståande. Det finnes ingen like. Og det er slik ein må tenkje når det gjeld tilpassa opplæring. Alle elevane skal få oppgåver som er tilpassa deira individuelle nivå, ikkje oppgåver som er for lette, eller oppgåver som er for vanskelege.

I opplæringslova kap 1 står det:
§ 1-2 (5.avsnitt) Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten.
Eg tykkjer dette er ei veldig kortfatta og grei forklaring på kva det gjeld.

Kva er noko av det viktigaste for ein elev i skulen? Etter mitt syn så er det at denne eleven opplever meistringsfølelse. At eleven føler at han kan noko. "Dette får eg til!" Nokon som kjenner igjen den følelsen? Det er dette som er viktig å skape. Ein arena der eleven føler at han kan klare noko. Og korleis skapar vi det? Gjennom TILPASSA OPPLÆRING!

I byrjinga kan det virke som om tilpassa opplæring er mykje arbeid. Men kva er det ein skal tenkje på når ein arbeider i skulen? Elevane. Sjølv om det kan hende tar tid å kartleggje kvar den enkelte elev er, så sparar det mykje tid og resurssar for den enkelte elev. Og det er vel dei me er der for, er det ikkje?

Yrkesetisk seminar

Då har me hatt yrkesetisk seminar, og eg føler at eg har lært ein del om skilnaden på pliktetikk og konsekvensetikk. Dette er jo mykje innanfor KRL, men eg føler at det er viktig å ta med allikevel.
Me hadde og ein del om opplysningsplikt og teieplikt. Eg må ærlig innrømme at desse grensene fortsatt er litt diffuse for meg, men ein må vel avgjere kva ein skal gjere i kvar enkelt situasjon. Det er ingen konstante reglar der. Men ein må heile tida ha kontroll på lovverket. Både opplæringslova, og i nokre tilfeller straffelova.

Men det er ein ting eg reagerte på under dette seminaret. Og det er skikkethet. Det burde vore mykje strengare reglar på lærarutdanninga når det gjeld skikkethet. Det skal i dag ganske mykje til for at ein person ikkje kan bli lærar, men som eg har sagt tidlegare, så er ikkje dette eit yrke som passar for alle. Dette burde det vore mykje meir vekt på etter mi meining. Men på den andre sida, dette er det jo ikkje eg som styrer.

Me fekk og 4 casar som me skulle arbeide med i grupper. Følte at dette gjekk veldig bra, og samarbeidet fungerte godt. Me delte casane mellom oss på onsdagen, og så samarbeida me om dei på torsdagen. Fredag var det framføring. Syntes kanskje at nokre av casane var litt diffuse, det kunne med fordel vore litt meir informasjon i dei. Men me klarte oss allikevel godt.

Veldig bra og informativt kurs. Dette er ein arbeidsmetode me gjerne kunne hatt meir av.... :)
__________________________________________________
Svar på kommentar frå Birgit:
Me arbeida ein del med dei yrkesetiske buda. Tenkte kanskje at eg kunne leggje dei ut her slik at alle fekk sjå dei. Dette var ei oppgåve som ein måtte tenkje litt over, for ikkje berre skulle ein finne ti yrkesetiske bud, men ein skulle og grunngje desse buda.

10 Yrkesetiske bud for lærere

  1. Læraren skal overhalde sin teieplikt og opplysningsplikt
  2. Læraren skal ha faglig og didaktisk kompetanse
  3. Ein lærer skal vera sosial og vise omsorg for elevane, herunder sjå kvar elev som enkeltindivid
  4. Ein lærar skal kunne tilpassa seg elevanes læringsnivå, for å betre kunne tilrettelegga for tilpassa opplæring
  5. Ein lærer skal vise respekt for sine elevar og kollegar
  6. Ein lærar skal vera inkluderande
  7. Læraren skal ha eit godt samarbeid med foreldre/føresette
  8. Læraren skal kunne variera skuledagen
  9. Ein lærar skal vera etisk bevisst
  10. Læraren skal vera ein god rollemodell for elevane

Buda er her nummererte etter kva me på gruppa meinte var viktig.

praksis veke 9, 10 og 11

Då var desse tre vekene i praksis og over. Må seie at eg syntes det er vemodig å sei hadet til klassen og til teamet. Føler at eg har fått veldig god kontakt med på elevar og lærarar.
I denne praksisperioden har me snakka mykje om stemmebruk i klasserommet, så eg har valt å skrive litt om dette. Eg la fort merke til at eg brukte ganske høg stemme når eg skulle snakke til klassen. Dette var på grunn av at det var litt støy, og eg snakka høgt for at elevane skulle høyre meg. Etter kvart fant eg ut at dette var ein anstrengande måte å undervise på. Det er ganske tungt å snakke, når ein merkar at det er nokre elevar som ikkje følgjer med på det du seier. Så fekk eg eit godt tips om at dersom eg senkar stemmen min, så var elevane meir avhengige av å vere stille for å høyre kva eg sa. Dette fungerte veldig bra. Dersom eg hadde elevar som laga uro, så vende eg meg direkte til dei i staden for å snakke høgare. Då kunne eg til dømes spørje eleven om det var noko han ville dele med klassen, sidan denne eleven preika slik? Og dette enda då vidare med at eleven kom til ro.

Det var ikkje i alle tilfeller at ein fekk elevane til å vere rolege, og då brukte eg eit streksystem som var innført i klassen. Namna til alle elevane stod oppført på tavle, og dersom ein elev var uroleg etter at han hadde fått åtvaring, fekk eleven ein strek framføre namnet sitt. Dersom ein elev fekk 3 strekar, måtte denne eleven sitje igjen etter skuletid. Dette var eit system som var brukt mykje i denne klassen for å halde ro. Eg merka og med meg sjølv at dersom eg ville ha all merksemda i klassen, så var det av og til eg heva stemmen, og var litt streng. Då fekk eg merksemd rundt det som skulle skje, men etter kvart mista denne teknikken litt sin verknad. Eg trur at dette tyder på at eg gjerne brukte det litt for ofte.
Ein anna ting, som var veldig greitt, var at når ein skulle gå igjennom noko på tavla, så plukka eg elevar til å svare, uansett om dei hadde handa oppe eller ikkje. Dette førte til at elevane følte dei måtte følgje med i undervisninga på ein anna måte. Eg var då veldig obs på og ikkje stille spørsmål som var utanfor den proksimale utviklingssona til eleven. Dette var bevisst, ettersom ein elev kan føle seg veldig utrygg dersom ein får spørsmål som ein føler at ein ikkje kan svara på. Men eg var likevel påpasseleg med å pressa elevane litt i det dei kunne. Den yttarste grensa i den proksimale utviklingssona er kva eleven skal kunne klare med rettleiing, og eg stod då klar og hjelpte eleven på vei, slik at han ikkje skulle føle at han sette seg fast og at dette vart til sjenanse for eleven.
Eg merka med meg sjølv at eg er blitt mykje flinkare til å bruke stemmen min rett i høve til forholda. Der eg før snakka veldig høgt, er eg blitt mykje flinkare til å avgrense volumbruken min. Dette fører igjen til at eg ikkje vert så lei i stemmen som eg ofte vart før. Men eg er også blitt meir obs på korleis eg brukar stemmen. Dersom eg skal fortelje om noko eg syntes er viktig legg eg stemmen ennå meir ned, og dersom det er noko som er veldig engasjerande brukar eg meir stemme. Dette er bevisst for å få elevane til å forstå at no skjer det noko særskild.

observasjonspraksis veke 38

Då hadde me altså vore på Gullingen leirskule i praksis. Dette vart ein annleis praksis enn dei andre hadde hatt, i og med at mesteparten av undervisninga gjekk føre seg ute.
Føler at me har lært veldig mykje om korleis elevane oppfører seg i saman med elevar frå andre skular, om korleis klassen fungerer og om kva som kan vere problematisk.

Eg la veldig tidleg merke til at nokre elevar var meir interesserte enn andre. Det var vanskeleg for nokon å konsentrere seg når ein var ute i fri natur. Det er kanskje enklare å ha kontroll over ein klasse i eit klasserom enn rundt eit bål i ein liten lavvu. Dette kan ha grunnlag i at me var samla to skular, og gruppene var på tvers av desse skulane. Men syntes lærarane på leirskulen hadde utruleg god kontroll over dette. Undervisninga var veldig godt tilpassa klassetrinnet, og det var interessant for både elevar og lærarar. Det var og ein unik måte å få oppleva naturen på.

Eg meiner personleg at dette er ein bra måte og drive undervisning på. Elevane opplever naturen samstundes som dei lærer masse. Spesielt for elevar som har vanskeleg for å lære i klasserommet er dette eit flott alternativ. Tavleundervisning er ikkje det beste alternativet for kvar enkelt elev, og då meiner eg at denne undervisningsmetoden er sers god.

Det var og ein del problem som oppstod under turen. Det var ikkje alle elevane som ville følgje opplegget, men det var utruleg å sjå korleis lærarane takle desse situasjonane. Håper eg kan lære litt frå dei.

Det er ulike typar konfliktar ein kan komme opp i på ein slik tur. I og med at ein bur så tett på kvarandre, kan det komme opp saker og ting som gjerne ikkje er eit problem til dagleg. Dette kan vera alt frå kjærester til utestenging. Det var enkelt å sjå kven som ”klikka” seg saman mot andre. Det er kanskje ikkje så enkelt å sjå slik for utanforståande, men eg såg fort at det føregjekk ein indre ”kamp” i klassen. Det er nokre elevar som meiner dei er ”betre” enn andre.

Korleis elevane får desse tankane er usikkert, men ein årsaka kan vere at ein måler i kor populær ein er hos det same og motsette kjønn. Nokon er kanskje også utestengd pga sine foreldres meiningar og liknande. Men det som er viktig å få fram, er at alle har sin ”gjeng”. Det er ingen som går åleine. Dei har alltid nokon å vær med.

Syntes og det var interessant og sjå korleis elevane tok på seg ansvar. Dei hadde ulike oppdrag når det gjaldt vasking og matlaging, og alle tok det oppdraget dei hadde fått. Nokon med større glede enn andre. Men det er ikkje meir enn ein må rekne med. Det var nokon som gleda seg frå dei kom opp til dei oppgåvene dei skulle gjer. Det som kanskje var kjekt ved dette var at elevane fekk ansvar utan at dei vaksne skulle blanda seg inn. Til frukost fekk dei til dømes ansvar for å vekkje heile klassen, slik at alle kom seg opp. Deretter fekk heile klassen ansvar for å lage si eiga niste, som var grunnlaget for resten av dagen ute. Det var og nokon som hadde ansvar for å skrive ned vær - observasjonar kvar dag. Dette og var ei stor oppgåve for nokon. Dei fekk ansvar for å komme seg til undervisninga sjølv, utan at dei vaksne skulle ”mase”. Det virka som om nokre av elevane følte seg mykje meir vaksne. Det var veldig bra.

Siste dagen hadde dei og ein såkalla ”pedagogisk vask” av romma sine. Dvs at elevane skulle pakke, rydde og koste romma sine. Det var og nokon som fekk ansvar for rydding og reingjering av stove, kjøkken, tørkerom m.m. Det var kjekt å sjå kor spente elevane var for om dei fekk det godkjent eller ikkje. Det gjekk heldigvis bra for dei fleste.

Syntes observasjonspraksisen på Langeland Skule (Gullingen Leirskule) var veldig interessant. Følte eg lærte mykje. Vonar det vært like bra neste gong.

torsdag 27. mars 2008

Ped. undervisning 11.02-08

Ynskjeøkt
Utfordringar i lærarrolla og det spesialpedagogiske feltet
Spesialundervisning, kunnskapsnivå, nasjonale prøvar og skuletestar. Dette er det mykje snakk om i dag. Er det virkeleg slik at ein kan måle ein elevs kunnskap etter kor mange ord denne eleven les i minuttet. Dersom ein elev då les under gjennomsnittet fort, er denne eleven då "treg". Kanskje akkurat den same eleven er eit utruleg idrettstalent, eller eit mattegeni.
Det er så mykje som skal følgast i dagens skule, og så mykje samanlikning. Det er ikkje lenge sidan det var oppslag i avisa om vidaregåande skular og deira karaktergjennomsnitt. Det er nokon som scorer høgt, og andre scorer lågt. Men betyr det at den eine skulen er betre enn den andre. Kan ein måle slikt?
I dagens skule skal alle elevar integrerast i ein klasse. Er dette ein ordning som fungerer for alle? Kva med alle elevar som er "skuleflinke"? Det er lett å gløyme dei i all bråken frå dei som er urolege. Og kva med dei som ikkje klarar og konsentrere seg i lag med andre. Det er ikkje den ideelle læringsarenaen for alle å vere i eit klasserom.
Det er og meir og meir utbreidd med dysleksi og dyskalkuli i skulen. Ikkje berre for lesing og for skriving, men det er og elevar som har det innanfor matematikk. Dette er veldig alvorlig for den eleven det gjeld, og det er viktig at han får den oppfølginga som trengs. Desverre er det slik at det i mange tilfeller vert oppdaga alt for seint. Dette er då til stor sjenanse for den eleven det gjeld.
ADHD er jo og ein veldig utbreidd tilstand. Det er nesten slik at ein kan kalle det den nye folkesjukdommen. Dei som har ADHD har konsentrasjonsvanskar og er ofte hyperaktive. Det er og nokon som har ADD, som er konsentrasjonssvikt utan lærevanskar. Dei treng og mykje oppfølging og hjelp. Men problemet er: Kvar er ressursane?
Dette er nokre problemstillingar ein nesten garantert kjem borti i skulen. Då er det viktig å vere gode pedagogar og gode rollemodellar for elevane. Dei treng nokon som kan ta tak i problema, og gi dei den hjelpa dei treng. Dette er ei utfordring for mange, og det burde vore meir opplæring i kva ein skal gjere i slike tilfeller.
_______________________________________________
Svar på kommentar frå Maria:
Eg må sei det at programmet "De umulige barna" var ein veldig ressurs for meg. Etter at eg såg dette programmet fekk eg mykje meir forståing for barn med ADHD, og korleis det er å takle dette. Er medisinering alltid det beste?

ped. undervisning 04.01-08

Sjølvbilete og attribusjonsteori
At jenter og gutar hadde så ulik sjølvoppfatning er det som sitt igjen hos meg etter denne økta. Dersom ei jente får eit godt resultat skulde dei det på flaks, eller at det var lette oppgåver, medan gutane skuldar det på sine eigne evner. Men dersom det er motsatt og ei jente får eit dårleg resultat skuldar ho det på dårlege evner, medan ein gut skulder på uflaks. Denne syntes eg var litt finurleg. Er det faktisk slik at jenter generelt har så dårlig sjølvbilete at dei skuldar på flaks dersom dei gjer det bra? Og kva så med gutane? Eg må personleg få sei at eg syntes dette er urovekkjande. Det vil altså sei at gutar har høgare sjølvoppfatning enn jenter. Hmmm.... Skal det vere slik? Eg undrar....
Det er veldig varierande kva sjølvbilete kva enkelt person har av seg sjølv. Nokon har eit godt sjølvbilete, og det er gjerne personer som tør å vise seg fram, samt dumme seg ut. Personar med dårlig sjølvbilete er gjerne personer som gjemmer seg bak andre, og stiller seg gjerne nøytrale i diskusjoner. Personen kan kanskje prøve å fremheve seg litt på andres bekostning for å skjule sitt eige dårlege sjølvbilete. Dei vill ikkje få unødig merksemd på seg sjøl. Dette er ikkje noko eg har lest i ei bok, men som eg skriv basert på eigne erfaringer.
Eg er ganske fasinert over kor ulikt syn kvar enkelt har på seg sjølv. Kva kjem dette av? Det er då eg undrar på om den plakaten Birgit hengte opp i klasserommet om korleis eit barn er, har nokon betydning. "Eit barn som lærer seg å....." Kanskje det er her det spelar inn. Eller kanskje det er i enda tidlegare alder. Det er ikkje greit å vite.

Ped. undervisning 28.01-08

Motivasjon

Denne økta gjekk ut på motivasjon og gruppearbeid. Eg kom litt seint til denne timen, og fekk ikkje med meg byrjinga, men me vart i alle fall delt inn i grupper. Innad i desse gruppene skulle me lese ein del tekst, og så samarbeide om å lage ein rekkje spørsmål. Me skulle få døme på:
  • korleis grupper kan organiserast innanfor samarbeidslæring (roller)
  • læra ein arbeidsmåte innanfor samarbeidslæring (kontrovers),
  • korleis me kunne få til refleksjon rundt eit særs viktig tema (meistring)
  • korleis ein kan utføre samhandlingar for å finna gode løysingar

I og med at eg ikkje fekk med meg byrjinga av timen, mista eg litt tråden i arbeidet. Det var ingen god start på dagen for å seie det slik :s

Men me fekk etterkvart god gang på oppgåva, og fekk gjort det me skulle.

Motivasjon er veldig relevant uansett kva yrke ein har. Dersom ein manglar motivasjon, vert kvardagen tung og vanskeleg. Eg merkar veldig godt på meg sjølv at eg får meir motivasjon når det er ytre faktorar som spelar inn. Slik som nå til dømes, så føler eg meg meir motivert fordi eg veit at eg snart er ferdig med 25% av studiene. Dette betyr igjen at eg er på full fart mot rollen som lærar. I tillegg er det snart somarferie, noko som er motivasjon nok i seg sjølv.

Det som kan vere vanskeleg når det gjeld motivasjon, eg å klare å holde den oppe dersom ein møter motgang. Dette gjeld faglig sett, og dersom ein som lærar møter motgang frå elevane. Ein skal klare og motivere ganske mange elevar på ein gong, og det kan ikkje alltid vere like lett. Men dersom kvart enkelt individ går inn i seg sjølv og leitar godt, trur eg dei fleste ville verta overraska over kva dei fann!