tirsdag 8. januar 2008

ped. undervisning 07.01-08

Born og nye medier

Godt nytt år alle saman! Nytt år og nye moglegheiter, dette må jo berre verte bra!
Og me byrjar sjølvsagt det nye året med mange oppgåver. Slår ikkje feil det. Her nyttar det ikkje og liggja på latsida nei! :)

Born og nye medier er eit tema med skal arbeide tverrfagleg med ei stund. For å vere nøyaktig så skal me arbeide med det i 3 veker. Tema for pedagogikken denne økta var nettvett. Kva kan ein gjera og ikkje gjera på nettet. Eg må jo sei at eg visste mykje av det frå før, men då eg testa ut chatten på sol.no i ca 15 minutt vart eg overraska. Eg logga meg på med namnet "linn", og nesten før eg var innpå, byrja det og hagle inn med meldingar. Det var berre mannfolk, og nokre av dei var skikkelig grisete. Det var jo ein som lurte på om eg var interessert i ein trekant! Er jo heilt gale! Korleis kan dei veta kven som sitt i den andre enden? Tenk om det var ei jente på 10-12 år som var innpå! Det stod på sidene at det var 16 års aldersgrense for å chatte, men kven er det som sjekker slikt??

Det er veldig mykje enklare nå som ein har internett og mobiltelefonar og slik teknologi, men kan det ikkje vere ganske farligt og?? Eg undrar....
______________________________________________
Svar på komentar frå Kari:
Dette er noko me allereie arbeider mykje med i MOT. Mobbing generelt er eit problem, og i dagens samfunn er det enklare å spre bodskapen sin. Problemet er at det er ykje vanskelegare å overvåke kva som skjer på internettt i forhold til kva som skjer i skulegarden. Kan jo og nevna at nå har me fått MOT på MSN, s ungdom i heila landet kan ta kontakt med folk som arbeider i MOT mandag-torsdag frå 16.00-22.00 :)

ped. undervisning 03.12-07


Animasjon og bilethandsaming

Då var det data kurs igjen. Me skulle laga plakat og dansande strekmenn. Dette hadde vore kjempekjekt, hadde det ikkje vore for at det gjekk så vanvittig FORT! Eg følte at når eg nesten hadde fått taket på ein ting, så hoppa dei vidare på noko nytt. Slik vert eg frustrert av. Men eg klarte nå og skrapa saman ein plakat til slutt, sjølv om han ikkje vart så veldig fin.

Men å laga ein dansande strekmann, det var litt enklare. Eg fekk han til og hoppa og dansa. Klarte til og med å ta salto! hehe... Slikt likar eg godt. Men eg må sei at hugsar ikkje korleis eg gjorde det. Å bruke Pivot var då mykje enklare, og resultatet kan dykk sjølv bedømme. Det er nemlig den flotte historien om når per skulle klatre opp på ein elefant!

Dette var siste pedagogikktimen før jul, så eg vil benytta anledningen til å ønska alle ei god jul og eit godt nytt år ;)

ped. undervisning 26.11-07

Praksisoppsummering og tur.

Då var me ferdig med praksis. Og det har gått fort! Og det har vore vanvittig gøy!! Det var nesten slik at eg ikkje ville tilbake til HSH. I og med at me var i praksis i 2 veker denne gongen, følte eg at me kom skikkelig inn i rutinane. Det er sjølvsagt mykje me ikkje kan, men grunnlaget er der. Me har vore med same klasse som me var med til Gullingen, altså 7 klasse. Og det var koseligt å sjå dei igjen.

Og den angsten eg hadde før praksis angåande desse skjemaene, må eg nesten le av nå! Dei var jo til vanvittig hjelp. Ein visste til ein kvar tid kva ein skulle gjera, og kva ein skulle ha med seg. Det er jo ikkje til å stikka under ein stol at det tar tid å lage til, men eg ser at dette er noko som det fort går automatikk i. Eg kjente på meg sjølv at eg følte meg mykje tryggare når eg heile tida hadde noko og falle tilbake på.

Denne gangen har me fått tatt ein ganske stor del i undervisninga. Me har hatt matematikk, KRL og norsk. Dette er jo dei faga me har i år, og me skulle ta kvar vår økt i desse faga. I tillegg fekk me lov å ha kunst og handverk, engels og gym. Dette syntes eg var flott!
Gleder meg voldsomt til neste praksisperiode :)
I og med at me var på Gullingen under observasjonen, fekk me litt observasjon i byrjinga av perioden. Eg hadde satt meg ein del mål som eg var spent på å finne ut av.
Måla mine for perioden var:
  • Korleis fungerer klassen i klasserommet?
  • Korleis er det å planleggje og å gjennomføre eit opplegg i ein klasse?
  • Kva er skilnaden mellom teori og praksis?
  • Før og ettervurdering.

Eg føler at eg kom godt i hamn med måla mine, og eg fekk testa ut dei ulike teoriane mine. Det var særskild interessant å finne ut skilnadane mellom teori og praksis, for dei er enorme! Tenk om alt hadde vore like enkelt i praksis som i teori!

Grunna sjukdom var eg desverre ikkje med på turen denne mandagen. Men eg forsto at alle hadde hatt det kjekt :)

Ped. undervisning 05.11-07

Planlegging av praksis

Då var planlegginga i full gang. Neste veke er det praksis for fullt, og det vert kjempekjekt. I dag var det gjennomgang av dei ulike planlegingsskjemaene til Langeland Skule. Eg var ikkje klar over at det var så mykje som skulle gjerast før kvar time! Det skulle jo fyllast opp og ned i mente! Detta kunne bli eit stort problem....

Var ganske sjokkerande at ein måtte skriva på kva "klima" ein ville oppnå i klassen i ein time. Korleis kan ein veta det? Men den rubrikken med kva elevane skulle gjera, og kva læraren skulle gjera var greie. Er greit å ha ein plan på det.

Eg ser jo etterkvart at denne diamanten til Langeland skule er veldig relevant. Her får ein med samanhengen mellom:

  • innhald
  • metode
  • vurdering
  • rammer
  • elev- og lærar føresetnadar
  • mål

Dette er ganske bra i samsvar med den didaktiske relasjonsmodellen som legg vekt på

  • faginnhald
  • evaluering
  • didaktike føresetnadar (elevføresetnadar, lærerføresetnadar, fysiske, biologiske, sosiale og kulturelle føresetnadar)
  • læringsaktivitetar
  • mål

Desse modellane kan ein bruke for å planlegge, analysere og forbetre sin eigen undervisning. Dette fører til at desse modellane er ein kjemperessurs. Det kan i byrjinga føles ut som om at det er mykje og komme over, men ein kjem nok fort inn i korleis ein skal bruke desse hjelpemidla. Dette gjer det og enklare å planleggje undervisining når ein er fleire i lag, eller når ein skal tenkja langsiktig.

ped. undervisning 29.10-07

Oppsummering av læringsteoriane

Då var det komt til oppsummering av læringsteoriane og utlevering av matematikk/pedagogikk oppgåva.
Eg trudde at oppsummering av læringsteoriane skulle vere litt fånyttes, sidan me hadde hatt så mykje om dei, men det var veldig nyttig. Fekk ikkje notert så mykje under framføringane, så no fekk me moglegheita til det. Flott! Fekk satt opp eit skjema der eg fekk putta inn dei ulike teoretikarane og kva deira hovudsynspunkter var. Veldig greit å ha til eksamenslesning ;) Fekk og plassert mykje meir konkret kva dei forskjellige meinte, og kva teori dei stod for. Det vart skjematisk og fint :)

Så kom matematikk/pedagogikk oppgåva, og angsten vart stor. Korleis skulle dette gå??? Men etter at eg fekk lest gjennom oppgåva nokre gonger, såg eg at den var overkommeleg. Heldigvis :) Så då var det berre å starta!

Kurs i formatering i MS Word
Dette trengte eg! Trudde verkeleg at eg hadde stålkontroll når det gjaldt Word, men det hadde eg då altså ikkje! Her var det mykje å gripe tak i. Det vart mykje enklare med ein gong ein lærte å lage automatiske overskrifter, underoverskrifter og innhaldsliste. Dette er noko eg har brukt utruleg mykje tid på før, for då gjorde eg alt manuelt. Eg måtte ringe til søster mi etter denne økta, for eg følte eg hadde fått ei skikkeleg AHA oppleving. Så nå skal eg heim til Ølen og halde kurs i Word :) Ikkje berre til søster mi, men og til foreldra mine. Får berre håpa eg hugsar alt eg skal lære vekk....

ped. undervisning 22.10-07

Framføringsoppgåve.

Ja, då var det vanvittig lenge sidan eg var innpå her sist, men eg får prøva og mimra litt :)
Me hadde ein heil dag satt av til å sjå på framføring av dei ulike læringsteoriane. Og det vart litt av ein dag! Følte at eg lærte vanvittig mykje, og det var bra. Det er morosamt å sjå korleis dei ulike grupene har valt å tolke ei så vid oppgåve. Eg må og sei at eg fekk eit heilt anna syn på mange av teoriane. Framføringane gjorde at eg byrja og tenke over dei på ein heilt anna måte enn før. Eg må jo få lov å gjenta meg sjølv, i følge mitt syn så er det beste ein god blanding. "Learning by dooing", proksimale utviklingssona, belønning og staff, sosiale sammenhenger, stimulering mm. alle desse faktorene er etter min meining viktige.
Det var veldig variert i framføringsmåtar, noko som gjorde det så bra. Dersom alle hadde hatt same framføringsmåte, trur eg det kunne vore litt kjedeleg i lengden. Det var og så mange forskjellige teoriar som vart tatt. Nokon hadde kort om alle, medan andre hadde konsentrert seg om ein eller to stykker.

Eg følte og at vår framføring vart bra (lov å skryta litt av seg sjølv vel??). Samarbeidet på gruppa fungerte veldig bra, og me var trygge på det me skulle gjere. Samstundes var me veldig godt inne i sosiokulturell læringsteori, nokon som og hjalp oss mykje.
Det er viktig å utvikle eit pedagogisk grunnsyn som lærar. Men eg tenkjer som så at pedagogikk er eit utviklingsfag, og eg vil lære så mykje som mulig om ale teoriane før eg tar eit standpunkt. Det er greit å ha ein teori, slik at du til ein kvar tid har noko og forhalde deg til. Det kan og gjere det enklare, dersom du skulle hvane i vanskelege og uforutsette situasjonar. Kven veit, kanskje eg har eit pedagogisk grunnsyn om nokre månader, eller kanskje om nokre år? Tiden vil vise....

mandag 15. oktober 2007

ped. undervisning 15.10-07

Læringsteoriar
Pedagogisk grunnsyn... Ja kva skal ein velgje? Det som kanskje hadde vore det mest ideelle er å ta litt frå alle. Og det er nok det eg kjem til å gjere. Det er ingen av dei pedagogiske grunnsyna eg kan seie at eg vil følgje slavisk. Men eg vil plukke litt her og der. Kanskje eg kan lage min eigen teori ?? hehe....
Nå har me fått ei oppgåva der me skal ta utgangspunkt i ein eller fleire læringsteoriar, og lage ei framføring om den/dei. Dette var ei veldig vid oppgåve der me fekk stort sett frie tøyler. Det var nokre få kriterier som skulle vere med.
Når det gjeld tankar rundt gruppearbeidet, så må eg seie at eg tek det heile med knusande ro. Samarbeidet på gruppa vår er eksepsjonelt bra, og det fører igjen til at me har kontroll. Me har delt fagkunnskapen likt mellom oss, og me har fått ei forståing i kva den består av. Det var mykje interessant lesning, og det skal verte spanande og sjå kva teori me velgjer å ta utgangspunkt i. Planen er å lage eit rollespel som er forma som eit debattprogram. I dette programmet har me invitert Lev Vygotsky og ein lokal "helt". Dei skal diskutere ut frå ulike teoriar, kva som fungerer og ikkje fungerer. Lev Vygotsky preikar då kun ut frå sosiokulturell læringsteori, medan den lokale "helten" preikar berre tull.
Føler me er komt godt i gang med dette arbeidet. Målet er at me skal klare og lage ein interessant og morosam framføring. Vonar me klarar dette.
GLED DYKK! ;)
Eg må jo sei at eg ikkje er blitt noko meir sikker på val av læringsteori, men eg har i alle fall fått namn på dei ulike teoriane. Det er mykje bra i kvar enkelt, så ein god miks vert nok min leveregel som lærar.

mandag 8. oktober 2007

Ped. undervisning 01.10-07

Å leie basisgruppa på læringsarenaen.

For å verte lærar er det viktig å ha sosial kompetanse.” Voksnes holdningar og sosiale verdier formidles gjennom måten vaksne forholder seg til barn og unge på, enten det skjer bevisst eller ubevisst”. Dette skjer heile tida. Samfunnet i dag endrar seg heile tida. Det som er sant i dag er kanskje usant i morgon. Før i tida var det få måtar og søkje kunnskap på, i dag er det mange. Og dei som utdannar seg i dagens samfunn, vert gjerne vidareutdanna, omskolert eller har eit bytte av jobb. Det var utenkjeleg for menneskjer som utdanna seg før. Dei utdanna seg for å vær i same jobben livet ut.

Oppvekstvillkåra i dag er også ulike enn dei var før. Det er nesten 50 prosent av ekteskapa som endar i separasjonar og skilsmisse. Det er og færre som giftar seg enn det var før. Dette gjer at det er mange unge som lever i meir utrygge omgjevnadar enn før.
Men det er mange faktorar som kan spele inn på korleis unge lærer. Og det er underforstått at dersom ein ikkje trives, vil ein ikkje lære på same måten. Eg trur at dersom ein elev har det fint og ryddig rundt seg, samstundes som han har eit ryddig forhold til klassen.


Når ein er lærar har ein enormt mykje makt. Det er mange elevar som tenker at det lærarane seier er heilt sant. Derfor må ein som lærar være varsam med kva ein gjer og seier. Det er ikkje alle elevar som klarar og vere kritiske til det dei høyrer. Eg meiner og at det er viktig å ha autoritet utan og vere autoritær. Det er viktig å ha kontroll over klassen, men ikkje vær slik at elevane ikkje tør å ta kontakt. Det er ein gylden middelveg. Det er og viktig å tenke på at ein skal ha klare grenser. Ein skal ikkje vere kamerat med elevane sine, men ein skal vær ein vaksen ansvarsperson. Det er ein viktig forskjell.

For å kunne være ein god lærar meiner eg det er viktig at ein har klare linjer. Ein seier til elevane kva ein forventar til ein kvar tid. Det er og viktig å ha god kontakt med foreldre. Det tipset Birgit gav med tanke på å klargjer forventningane til dei meiner eg er viktig. Det er til stor hjelp dersom foreldra ikkje sit og diskuterer lærarar, rase etc. ved middagsbordet. Slike meiningar kan dei diskutere på tomannshand.

Syntes også at det er ein viktig eigenskap å kunne le med barnet og ikkje av det!
_______________________________________________
Svar på kommentar frå Håvard:
Eg meiner som sagt at samarbeid mellom skule og heim er viktig. Dette gjeld gjennom heile grunnskulen, og kanskje spesielt på ungdomsskulen. Dette er ei tid der elevane skal "finne seg sjølv" og finne ut korleis dei vil vere. Dette i samband med skule, vener, foreldre mm. Det er og i denne alderen at mange byrjar med rusmidler, og kjæresteforholda får ei ny meining. Samarbeid mellom skule og heim i denne tida her er grunnleggjande. Det er ikkje med tanke på at skulen skal vete om eleven drikk alkohol eller ikkje, men at skulen kan få ei forståing i eleven sin oppførsel. Grunnen til at eg meiner dette, er med tanke på min bakrunn i MOT. Eg vonar at eg som lærar kan være eit positivt kontaktledd mellom skule og heim, og at elevane mine kan ta kontakt med meg dersom det skulle vere noko. Ungdomsskulen kan for mange vere veldig vanskeleg, og desverre er det ikkje alle det går like bra med.

Ped. undervisning 10.09-07

Observasjon

Kva er observasjon? Me observerer kvar dag. Me observerer utan og vere klar over det. Me observerer dei me pratar med, dei me ser på gata, læraren eller vener. Nokon observerer meir enn andre. Dei som skal imitere andre i væremåte eller snakkemåte observerer i lang tid for å skape seg eit grunnlag. Ved hjelp av observasjon kan ein skildra det ein ser i dagleglivet, ikkje kva ein trur ein ser eller det ein kunne tenkje seg å sjå. Det som kan vere vanskeleg med observasjon er at dine eigne haldningar lett kan lyse gjennom. Dersom du kjem opp i ein situasjon der du skal observera ein person du missliker, er det fort gjort at observasjonen får ein negativ undertone. Det er ikkje sikkert du gjer det bevisst, men likevel skjer det.

For at vi skal hugse kva vi har observert, er det viktig å notere. Å føre loggbok kan vere ein måte å gjer det på. Då kan ein få med dato og klokkeslett, alt etter kor nøyaktig ein skal vere. Dette er berre eit døme. Omgrepet loggbok kjem frå skipsfarten. Både elevar og lærarar kan skriva logg. Men kva skal vi bruke observasjon til i dagleglivet? Når ein pratar med andre, ser ein på ansiktsutrykk og kroppsspråket til den ein pratar med. Det er enkelt og sjå om ein person syntes det ein seier er keisamt eller interessant. Då observerer ein andre.

Me fekk ei oppgåva der me skulle gå ut i vrimlearealet og observere ein person eller ei gruppe i 30 minutt. Det var ein utfordring, for når ein får oppgåva på den måten blir det litt meir unaturleg. Eg valde og observera dei som jobba i kantina. Det var stort sett det sama det gjekk i for dei. Stå i kassen, lage mat og fylle på. Dersom ein skal gi ei tolking på det arbeidet vert det litt vanskeleg. Linjene mellom og tolke og å synse er hårfine.

Foventningane mine til observasjonspraksis er litt blanda. Eg gler meg til å møte elevane og sjå korleis dei fungerer i lag. Samstundes trur eg at det vert annleis å observere på ein uteskule (Gullingen). Dersom me skulle vore i eit klasserom, hadde eg fått eit større innblikk i korleis elevane oppfører seg faglig sett. På ein slik uteskule som me skal på vert det meir vekt på korleis elevane oppfører seg ute i naturen. Kva veit dei frå før? Og kva kan dei lære meg? Dette er noko eg gler meg til å finne ut av. Det er og eit anna krav til disiplin, så eg gler meg til å sjå korleis lærarane på Gullingen taklar dette.

Dersom me hadde hatt observasjon i klasserommet, hadde eg nok lagt meir vekt på korleis elevane oppfører seg der. Kven følgjer med, og kven syslar med andre ting. Det er etter mi meining enkelt å sjå på elevane kva dei tykkjer er vanskeleg, og kva dei tykkjer er lett. Kanskje eg kan bruke denne observajonen til å hjele dei som treng litt ekstra hjelp? Når ein står som lærar i klasserommet, er det ikkje alt ein får med seg. Det kan av og til være ein fordel å vere fleire, slik at ein kan observere elevane frå ulike vinklar. Samtale om desse observasjonane er viktig.

Alt i alt er observering eit veldig bra verktøy og bruke, så lenge ein brukar det rett!

______________________________________________
Svar til kommentar frå Bertin:
Eg meiner at dette kan vere eit viktig hjelpemiddel, men det er ingen forutsetning. Det kan være nokre situasjonar der det ikkje passar seg å notere kva som skjer, og kva ein observerer. Men i mange høve kan dette vere til stor hjelp for å kunne hugse kva som skjedde, og eventuelt årsakar til kvifor det skjedde.

torsdag 4. oktober 2007

Ped. undervisning 03.09-07

Læraren sitt mandat og mange oppgåver.
"Å være lærer handler først og fremst om å gi barn lyst til å lære og mot til å leve.” Sitat frå Inge Eidsvåg, norsk forfattar og lektor ved Nansenskulen på Lillehammer

Dette syntes eg var eit veldig bra sitat. Han seier og at det å vere lærar ikkje er ein jobb, men nærmast eit kall. Dette bekrefter det eg har trudd ei stund. Det er ikkje kven som helst som kan verte lærar. Det er eit yrke som krevjer viljestyrke og pågangsmot. Og ikkje minst sosial intelligens spør du meg. Som lærar kan du risikere at du skal fungere som mykje forskjelligt.
Kva skal eigentleg arbeidet til ein lærar innehalde? Bare undervisning? Skal ein fungere som ”terapeut” for sine elevar? Når skal ein ta kontakt med foreldre? Og kva med kollegaer og rektor?

Det er mange spørsmål som ein må ta omsyn til. Å vær lærar er ein balansekunst mellom mange omsyn. ”Å være lærer er ingen jobb! Ein lærar må gløde!” (sitat Inge Eidsvåg). Dette utsagnet trur eg det er mykje i. Det er som sagt ikkje kven som helst som passar til å være lærar. Ein sit med eit enormt ansvar, for ein er ein viktig del av oppdraginga til andre sine barn. Og kva viss ein gjer eller seier noko feil? Det er ikkje enkelt. Det er viktig å tenkje på at ein er rollemodellar for andre, anten ein vil eller ikkje. Ein skal jo ”danne” andre menneskjer og sørgje for at dei har kunnskap til å klare seg vidare i livet. Dette er ei enorm oppgåve!

Det er litt godt og tenkje på at ein som lærar er styrt av lovgivinga i Noreg. Nærare bestemt opplæringslova. Ein har også mykje hjelp av kunnskapsløftet. Der det står kva elevane skal kunne etter kvar som dei beveger seg oppover i klassane.

Ein lærar skal også kunne tilretteleggje undervisninga for alle elevane. Det er ulike nivå i ein klasse, og for at alle skal få den oppfølginga dei treng, må ein sjå på deira behov. I dagens skulesamfunn er det jo slik at alle skal integrerast, uansett korleis dei ligg ann i den faglege utviklinga. Er dette bra? Vil ikkje dette då føre til at elevar som ligg "over" gjennomsnittet ikkje får den oppfølginga dei treng? Dette inneber og ein del ekstraarbeid for læraren.

Så tilbake til spørsmåla: Kva skal arbeidet til ein lærar innehalde? Ein lærar skal kunne tilpasse undervisning, vise omsorg, drive undervisning, samarbeide med andre, administrere oppgåver og være ein del av oppdraginga.

Eg trudde eg visste kva arbeidet til ein lærar var, men det viste seg at eg berre visste om ein brøkdel av det arbeidet som skulle til. Eg fekk ein liten aha oppleving, som gjorde meg litt skremt. Men på den andre sida så forstår eg kvifor alle desse oppgåvene er viktige. Å være lærar er utan tvil ein viktig jobb, som eg glede meg til å ta fatt på.
_________________________________
Svar på kommentar til Birgit:
Eg meiner at den største utfordringa vert planlegginga. Omsorgen trur eg ikkje at eg kjem til å syte med. Eg kan ha problemer med og halde meg strukturert over lengre tid, men det kjem seg vel etter kvart som eg får erfaring.
_________________________________
Svar på kommentar til Reidun:
Eg er einig med deg Reidun i at eg skriv "ein" alt for mykje. Har du nokre tips om kva eg kan skriva i staden for?