Denne økta gjekk ut på motivasjon og gruppearbeid. Eg kom litt seint til denne timen, og fekk ikkje med meg byrjinga, men me vart i alle fall delt inn i grupper. Innad i desse gruppene skulle me lese ein del tekst, og så samarbeide om å lage ein rekkje spørsmål. Me skulle få døme på:
- korleis grupper kan organiserast innanfor samarbeidslæring (roller)
- læra ein arbeidsmåte innanfor samarbeidslæring (kontrovers),
- korleis me kunne få til refleksjon rundt eit særs viktig tema (meistring)
- korleis ein kan utføre samhandlingar for å finna gode løysingar
I og med at eg ikkje fekk med meg byrjinga av timen, mista eg litt tråden i arbeidet. Det var ingen god start på dagen for å seie det slik :s
Men me fekk etterkvart god gang på oppgåva, og fekk gjort det me skulle.
Motivasjon er veldig relevant uansett kva yrke ein har. Dersom ein manglar motivasjon, vert kvardagen tung og vanskeleg. Eg merkar veldig godt på meg sjølv at eg får meir motivasjon når det er ytre faktorar som spelar inn. Slik som nå til dømes, så føler eg meg meir motivert fordi eg veit at eg snart er ferdig med 25% av studiene. Dette betyr igjen at eg er på full fart mot rollen som lærar. I tillegg er det snart somarferie, noko som er motivasjon nok i seg sjølv.
Det som kan vere vanskeleg når det gjeld motivasjon, eg å klare å holde den oppe dersom ein møter motgang. Dette gjeld faglig sett, og dersom ein som lærar møter motgang frå elevane. Ein skal klare og motivere ganske mange elevar på ein gong, og det kan ikkje alltid vere like lett. Men dersom kvart enkelt individ går inn i seg sjølv og leitar godt, trur eg dei fleste ville verta overraska over kva dei fann!
