torsdag 27. mars 2008

Ped. undervisning 11.02-08

Ynskjeøkt
Utfordringar i lærarrolla og det spesialpedagogiske feltet
Spesialundervisning, kunnskapsnivå, nasjonale prøvar og skuletestar. Dette er det mykje snakk om i dag. Er det virkeleg slik at ein kan måle ein elevs kunnskap etter kor mange ord denne eleven les i minuttet. Dersom ein elev då les under gjennomsnittet fort, er denne eleven då "treg". Kanskje akkurat den same eleven er eit utruleg idrettstalent, eller eit mattegeni.
Det er så mykje som skal følgast i dagens skule, og så mykje samanlikning. Det er ikkje lenge sidan det var oppslag i avisa om vidaregåande skular og deira karaktergjennomsnitt. Det er nokon som scorer høgt, og andre scorer lågt. Men betyr det at den eine skulen er betre enn den andre. Kan ein måle slikt?
I dagens skule skal alle elevar integrerast i ein klasse. Er dette ein ordning som fungerer for alle? Kva med alle elevar som er "skuleflinke"? Det er lett å gløyme dei i all bråken frå dei som er urolege. Og kva med dei som ikkje klarar og konsentrere seg i lag med andre. Det er ikkje den ideelle læringsarenaen for alle å vere i eit klasserom.
Det er og meir og meir utbreidd med dysleksi og dyskalkuli i skulen. Ikkje berre for lesing og for skriving, men det er og elevar som har det innanfor matematikk. Dette er veldig alvorlig for den eleven det gjeld, og det er viktig at han får den oppfølginga som trengs. Desverre er det slik at det i mange tilfeller vert oppdaga alt for seint. Dette er då til stor sjenanse for den eleven det gjeld.
ADHD er jo og ein veldig utbreidd tilstand. Det er nesten slik at ein kan kalle det den nye folkesjukdommen. Dei som har ADHD har konsentrasjonsvanskar og er ofte hyperaktive. Det er og nokon som har ADD, som er konsentrasjonssvikt utan lærevanskar. Dei treng og mykje oppfølging og hjelp. Men problemet er: Kvar er ressursane?
Dette er nokre problemstillingar ein nesten garantert kjem borti i skulen. Då er det viktig å vere gode pedagogar og gode rollemodellar for elevane. Dei treng nokon som kan ta tak i problema, og gi dei den hjelpa dei treng. Dette er ei utfordring for mange, og det burde vore meir opplæring i kva ein skal gjere i slike tilfeller.
_______________________________________________
Svar på kommentar frå Maria:
Eg må sei det at programmet "De umulige barna" var ein veldig ressurs for meg. Etter at eg såg dette programmet fekk eg mykje meir forståing for barn med ADHD, og korleis det er å takle dette. Er medisinering alltid det beste?

ped. undervisning 04.01-08

Sjølvbilete og attribusjonsteori
At jenter og gutar hadde så ulik sjølvoppfatning er det som sitt igjen hos meg etter denne økta. Dersom ei jente får eit godt resultat skulde dei det på flaks, eller at det var lette oppgåver, medan gutane skuldar det på sine eigne evner. Men dersom det er motsatt og ei jente får eit dårleg resultat skuldar ho det på dårlege evner, medan ein gut skulder på uflaks. Denne syntes eg var litt finurleg. Er det faktisk slik at jenter generelt har så dårlig sjølvbilete at dei skuldar på flaks dersom dei gjer det bra? Og kva så med gutane? Eg må personleg få sei at eg syntes dette er urovekkjande. Det vil altså sei at gutar har høgare sjølvoppfatning enn jenter. Hmmm.... Skal det vere slik? Eg undrar....
Det er veldig varierande kva sjølvbilete kva enkelt person har av seg sjølv. Nokon har eit godt sjølvbilete, og det er gjerne personer som tør å vise seg fram, samt dumme seg ut. Personar med dårlig sjølvbilete er gjerne personer som gjemmer seg bak andre, og stiller seg gjerne nøytrale i diskusjoner. Personen kan kanskje prøve å fremheve seg litt på andres bekostning for å skjule sitt eige dårlege sjølvbilete. Dei vill ikkje få unødig merksemd på seg sjøl. Dette er ikkje noko eg har lest i ei bok, men som eg skriv basert på eigne erfaringer.
Eg er ganske fasinert over kor ulikt syn kvar enkelt har på seg sjølv. Kva kjem dette av? Det er då eg undrar på om den plakaten Birgit hengte opp i klasserommet om korleis eit barn er, har nokon betydning. "Eit barn som lærer seg å....." Kanskje det er her det spelar inn. Eller kanskje det er i enda tidlegare alder. Det er ikkje greit å vite.

Ped. undervisning 28.01-08

Motivasjon

Denne økta gjekk ut på motivasjon og gruppearbeid. Eg kom litt seint til denne timen, og fekk ikkje med meg byrjinga, men me vart i alle fall delt inn i grupper. Innad i desse gruppene skulle me lese ein del tekst, og så samarbeide om å lage ein rekkje spørsmål. Me skulle få døme på:
  • korleis grupper kan organiserast innanfor samarbeidslæring (roller)
  • læra ein arbeidsmåte innanfor samarbeidslæring (kontrovers),
  • korleis me kunne få til refleksjon rundt eit særs viktig tema (meistring)
  • korleis ein kan utføre samhandlingar for å finna gode løysingar

I og med at eg ikkje fekk med meg byrjinga av timen, mista eg litt tråden i arbeidet. Det var ingen god start på dagen for å seie det slik :s

Men me fekk etterkvart god gang på oppgåva, og fekk gjort det me skulle.

Motivasjon er veldig relevant uansett kva yrke ein har. Dersom ein manglar motivasjon, vert kvardagen tung og vanskeleg. Eg merkar veldig godt på meg sjølv at eg får meir motivasjon når det er ytre faktorar som spelar inn. Slik som nå til dømes, så føler eg meg meir motivert fordi eg veit at eg snart er ferdig med 25% av studiene. Dette betyr igjen at eg er på full fart mot rollen som lærar. I tillegg er det snart somarferie, noko som er motivasjon nok i seg sjølv.

Det som kan vere vanskeleg når det gjeld motivasjon, eg å klare å holde den oppe dersom ein møter motgang. Dette gjeld faglig sett, og dersom ein som lærar møter motgang frå elevane. Ein skal klare og motivere ganske mange elevar på ein gong, og det kan ikkje alltid vere like lett. Men dersom kvart enkelt individ går inn i seg sjølv og leitar godt, trur eg dei fleste ville verta overraska over kva dei fann!

punktpraksis 22.01-08

Windows Movie Media Maker
Denne dagen gjekk IKKJE etter planen. Den filmsnutten som elevane skulle laste ned frå internett var for stor til at alle elevane kunne laste den ned på same tida, nokon som førte til at dei ikkje fekk den. Bertin hadde tatt ein backup på cd, men ein måtte ha administratortillatelse for å få lov til å bruke cd på maskinane. Dette var ein problemstilling me ikkje hadde tatt høgde for, og me fekk eit problem. Heldigvis var det lagra ein del bilete frå turen til Gullingen på desse datamaskinane, så elevane fekk i staden ei oppgåve der dei skulle lage kvar sin biletserie med tekst og musikk. Dette gjekk heldigvis bra, og resultata vart veldig flotte :)
Etter denne økta fant eg ut at det var veldig lurt å ha ein backup plan når ein skal bruke IKT vertøy i skulen. Av og til er det heller ikkje nok med ein plan, men ein må ha fleire. Følte dette var ein veldig nyttig erfaring, som eg veit at eg vil ta med meg vidare. Hadde ellers ein flott praksisdag på Langeland.

ped. undervisning 14.01-08

Planlegging av punktpraksis

Denne dagen skulle me planleggje ein dag i punktpraksis, men fokus på IKT bruk i skulen. Sidan me er i 7 klasse, tenkte me å køyre eit opplegg i Windows Movie Media Maker. Elevane er såpass gamle at dei klarer fint å redigere ein filmsnutt. Me har planlagt å bruke ein video me har laga sjøl der me har intervjua fem på gata, og elevane skal få redigere denne saman nett korleis dei sjølv vil. Dei kan og leggje til ulik musikk, for å få betre effekter. Bertin skal leggje videoen ut på Langeland sin fronter, slik at elevane kan hente den ned derfra. Det er viktig at alle elevane har kvar sin pc, og dette har me fått avtalt med praksislærarane. Det vert spanande so sjå korleis dagen vert :)

Ped. undervisning 10.01-08

Born og nye medier forts.

Denne økta arbeida me ein del med bruk av ulike IKT verktøy. Me var innom på digitale forteljingar og hørte på ein utruleg historie om ein gut som hadde fått feil diagnose. Dette var ein interessant måte og fortelje ein historie på. Eg var ikkje klar over at ein kunne bruke så mange digitale verktøy som det ein kan. Eg var faktisk ikkje klar over at dei fantes. I byrjinga såg det veldig vanskeleg ut, men ettterkvert vart det enklare og enklare. Men slik er det vel med alt. Det var kjekt å prøve seg på å lage sin eigen teikneserie, samt sin eigen teiknefilm :) Dette trur eg nok kjem godt med til seinare bruk i skulen...
Me skal og lage vår eigen samansatt tekst. Dette skal omhandle ei barnebok me har lest, og me skal lage ein liten "reklamefilm" for denne boka. Dette vert spanande, alltid kjekt når ein før prøve ut sine eigne ferdigheiter. Det gjer det og enklare og lære vekk til andre dersom den anledningen skulle by seg ein gong i tida. Kanskje dette kan vere ei oppgåve eg kan gi til mine eigne elevar.... :)

tirsdag 8. januar 2008

ped. undervisning 07.01-08

Born og nye medier

Godt nytt år alle saman! Nytt år og nye moglegheiter, dette må jo berre verte bra!
Og me byrjar sjølvsagt det nye året med mange oppgåver. Slår ikkje feil det. Her nyttar det ikkje og liggja på latsida nei! :)

Born og nye medier er eit tema med skal arbeide tverrfagleg med ei stund. For å vere nøyaktig så skal me arbeide med det i 3 veker. Tema for pedagogikken denne økta var nettvett. Kva kan ein gjera og ikkje gjera på nettet. Eg må jo sei at eg visste mykje av det frå før, men då eg testa ut chatten på sol.no i ca 15 minutt vart eg overraska. Eg logga meg på med namnet "linn", og nesten før eg var innpå, byrja det og hagle inn med meldingar. Det var berre mannfolk, og nokre av dei var skikkelig grisete. Det var jo ein som lurte på om eg var interessert i ein trekant! Er jo heilt gale! Korleis kan dei veta kven som sitt i den andre enden? Tenk om det var ei jente på 10-12 år som var innpå! Det stod på sidene at det var 16 års aldersgrense for å chatte, men kven er det som sjekker slikt??

Det er veldig mykje enklare nå som ein har internett og mobiltelefonar og slik teknologi, men kan det ikkje vere ganske farligt og?? Eg undrar....
______________________________________________
Svar på komentar frå Kari:
Dette er noko me allereie arbeider mykje med i MOT. Mobbing generelt er eit problem, og i dagens samfunn er det enklare å spre bodskapen sin. Problemet er at det er ykje vanskelegare å overvåke kva som skjer på internettt i forhold til kva som skjer i skulegarden. Kan jo og nevna at nå har me fått MOT på MSN, s ungdom i heila landet kan ta kontakt med folk som arbeider i MOT mandag-torsdag frå 16.00-22.00 :)

ped. undervisning 03.12-07


Animasjon og bilethandsaming

Då var det data kurs igjen. Me skulle laga plakat og dansande strekmenn. Dette hadde vore kjempekjekt, hadde det ikkje vore for at det gjekk så vanvittig FORT! Eg følte at når eg nesten hadde fått taket på ein ting, så hoppa dei vidare på noko nytt. Slik vert eg frustrert av. Men eg klarte nå og skrapa saman ein plakat til slutt, sjølv om han ikkje vart så veldig fin.

Men å laga ein dansande strekmann, det var litt enklare. Eg fekk han til og hoppa og dansa. Klarte til og med å ta salto! hehe... Slikt likar eg godt. Men eg må sei at hugsar ikkje korleis eg gjorde det. Å bruke Pivot var då mykje enklare, og resultatet kan dykk sjølv bedømme. Det er nemlig den flotte historien om når per skulle klatre opp på ein elefant!

Dette var siste pedagogikktimen før jul, så eg vil benytta anledningen til å ønska alle ei god jul og eit godt nytt år ;)

ped. undervisning 26.11-07

Praksisoppsummering og tur.

Då var me ferdig med praksis. Og det har gått fort! Og det har vore vanvittig gøy!! Det var nesten slik at eg ikkje ville tilbake til HSH. I og med at me var i praksis i 2 veker denne gongen, følte eg at me kom skikkelig inn i rutinane. Det er sjølvsagt mykje me ikkje kan, men grunnlaget er der. Me har vore med same klasse som me var med til Gullingen, altså 7 klasse. Og det var koseligt å sjå dei igjen.

Og den angsten eg hadde før praksis angåande desse skjemaene, må eg nesten le av nå! Dei var jo til vanvittig hjelp. Ein visste til ein kvar tid kva ein skulle gjera, og kva ein skulle ha med seg. Det er jo ikkje til å stikka under ein stol at det tar tid å lage til, men eg ser at dette er noko som det fort går automatikk i. Eg kjente på meg sjølv at eg følte meg mykje tryggare når eg heile tida hadde noko og falle tilbake på.

Denne gangen har me fått tatt ein ganske stor del i undervisninga. Me har hatt matematikk, KRL og norsk. Dette er jo dei faga me har i år, og me skulle ta kvar vår økt i desse faga. I tillegg fekk me lov å ha kunst og handverk, engels og gym. Dette syntes eg var flott!
Gleder meg voldsomt til neste praksisperiode :)
I og med at me var på Gullingen under observasjonen, fekk me litt observasjon i byrjinga av perioden. Eg hadde satt meg ein del mål som eg var spent på å finne ut av.
Måla mine for perioden var:
  • Korleis fungerer klassen i klasserommet?
  • Korleis er det å planleggje og å gjennomføre eit opplegg i ein klasse?
  • Kva er skilnaden mellom teori og praksis?
  • Før og ettervurdering.

Eg føler at eg kom godt i hamn med måla mine, og eg fekk testa ut dei ulike teoriane mine. Det var særskild interessant å finne ut skilnadane mellom teori og praksis, for dei er enorme! Tenk om alt hadde vore like enkelt i praksis som i teori!

Grunna sjukdom var eg desverre ikkje med på turen denne mandagen. Men eg forsto at alle hadde hatt det kjekt :)

Ped. undervisning 05.11-07

Planlegging av praksis

Då var planlegginga i full gang. Neste veke er det praksis for fullt, og det vert kjempekjekt. I dag var det gjennomgang av dei ulike planlegingsskjemaene til Langeland Skule. Eg var ikkje klar over at det var så mykje som skulle gjerast før kvar time! Det skulle jo fyllast opp og ned i mente! Detta kunne bli eit stort problem....

Var ganske sjokkerande at ein måtte skriva på kva "klima" ein ville oppnå i klassen i ein time. Korleis kan ein veta det? Men den rubrikken med kva elevane skulle gjera, og kva læraren skulle gjera var greie. Er greit å ha ein plan på det.

Eg ser jo etterkvart at denne diamanten til Langeland skule er veldig relevant. Her får ein med samanhengen mellom:

  • innhald
  • metode
  • vurdering
  • rammer
  • elev- og lærar føresetnadar
  • mål

Dette er ganske bra i samsvar med den didaktiske relasjonsmodellen som legg vekt på

  • faginnhald
  • evaluering
  • didaktike føresetnadar (elevføresetnadar, lærerføresetnadar, fysiske, biologiske, sosiale og kulturelle føresetnadar)
  • læringsaktivitetar
  • mål

Desse modellane kan ein bruke for å planlegge, analysere og forbetre sin eigen undervisning. Dette fører til at desse modellane er ein kjemperessurs. Det kan i byrjinga føles ut som om at det er mykje og komme over, men ein kjem nok fort inn i korleis ein skal bruke desse hjelpemidla. Dette gjer det og enklare å planleggje undervisining når ein er fleire i lag, eller når ein skal tenkja langsiktig.